Fiskelukka svikta i fjor
Stranda Stålindustri fann oppdrag i andre marknadar.
Inntektene frå fiske- og oppdrettsbransjen fall med omlag 10 millionar kroner i fjor samanlikna med året før for Stranda Stålindustri.
Selskapet er leverandør til bedrifter som lagar utstyr og anlegg til fiskebåtar, fiskeindustri og aktørar i oppdrettsbransjen.
Har erstatta inntektene
Då den marknaden krympa greidde Stranda Stålindustri å erstatte storparten av oppdragssvikten og oppretthalde lønsemda med oppdrag i andre marknadar, mellom anna for møbelindustrien, seier dagleg leiar Rolf Hjelle.
Så langt i år har selskapet inntekter omlag på nivå med 2022.
Fleire folk
Ved utgangen av 2022 hadde Stranda Stålindustri 11 tilsette. Snart er dei 14, medrekna ein lærling, ifølgje Hjelle.
Oppbemanning skjer fordi selskapet ventar veksande marknad, mellom anna ein rekyl etter nedturen i oppdrettsmarknaden.
Stranda Stålindustri er eigd 35 prosent kvar av Gunnar og Martin Berge, medan Bjørnar Engeset eig 30 prosent.
Stranda Stålindustri as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 31,8 | 34,2 |
Driftsresultat | 3,4 | 4,9 |
Resultat før skatt | 3,6 | 5,0 |
Publisert: 01.06.2023 09:18
Sist oppdatert: 01.06.2023 09:14