Odd Emil Ingebrigtsen (H) blei fiskeriminister 13. mars i år, dagen etter at regjeringa hadde stengt ned store deler av samfunnaktiviteten for å få kontroll over spreiinga av koronasmitte. Den starten gjorde at han har hatt få høve til å møte aktørane i sjømatnæring som han er minister over, men no har han lagt ut på turné på Vestlandet og Nordvestlandet.
Tysdag er han i Florø, onsdag i Bergen før han kjem til Ålesund onsdag kveld.
Torsdag skal han besøke sjømatbedrifter på rekke og rad; Pharma Marine, Frimenich Bjørge Biomarin, Brødrene Sperre, klyngeorganisasjonen for biomarine sjømatbedrifter - Blue Legasea, Optimar, katapultsenteret DigiCat og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag. Han rundar av dagen med besøk på Atlanterhavsparken.
Meldinga vart vedteken med røystene til Høgre, KrF, Venstre og Frp. Ap, SV og Senterpartiet sende torsdag 12. mars ut ei felles pressemelding om at dei trekkjer seg frå samtalane om ein felles fiskeripolitikk.
Tysdag er han i Florø, onsdag i Bergen før han kjem til Ålesund onsdag kveld.
Torsdag skal han besøke sjømatbedrifter på rekke og rad; Pharma Marine, Frimenich Bjørge Biomarin, Brødrene Sperre, klyngeorganisasjonen for biomarine sjømatbedrifter - Blue Legasea, Optimar, katapultsenteret DigiCat og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag. Han rundar av dagen med besøk på Atlanterhavsparken.
Oppdatering om kvotemeldinga
Fredag besøker han Brødrene Jangaard, Hofseth International og Nordnesgruppen, og deltek i tillegg på årsmøtet i Fiskebåt Vest - den han skal orientere om kor langt regjeringa er komen i arbeidet med å gjennomføre kvotemeldinga som Stortinget vedtok i mai i år.Meldinga vart vedteken med røystene til Høgre, KrF, Venstre og Frp. Ap, SV og Senterpartiet sende torsdag 12. mars ut ei felles pressemelding om at dei trekkjer seg frå samtalane om ein felles fiskeripolitikk.
Publisert: 01.09.2020 16:56
Sist oppdatert: 07.04.2021 15:28