Fiskerstrand med storsatsing paa ny dokk
DOKK: Olav Linge Fiskerstrand meiner det er avgjerande for framtida til Fiskerstrand Verft at verftet no kjøper ei 165 meter lang dokk frå Western Shipyard i Lithauen.
Nytt

Fiskerstrand med storsatsing på ny dokk

- Eit stort løft for verftet, og heilt avgjerande for å byggje verftet for framtida, seier teknisk direktør Olav Linge Fiskerstrand.

05.06.2019
Fiskerstrand Verft har kjøpt ei 165 meter lang og 27,4 meter brei flytedokk med løftekapasitet på 12.000 tonn frå verftet Western Shipyard i Klapeida i Lithauen.
Dokka skal slepast frå Klaipeda onsdag til Polen, der ho skal gjennom ei omfattande oppgradering.
- Vi har vore ute etter ei ny og større dokk lenge, og var ikkje seine å be då vi fekk vite at dokka i Klapeida var til sals, seier Fiskerstrand.

- Perfekt for oss

Det lithauiske verftet har bestilt ei endå større dokk.
Fiskerstrand hatt eit langvarig samarbeid med Western i Lithauen.
- Ei heilt perfekt dokk for oss, seier Fiskerstrand.

Fiskebåtar og offshorefartøy

Dokka er bygd i 1970, og i Polen skal dokka få innstallert servicebrønn for azimuth-thrustarar.
- Vi satsar blant anna stort på dokking og service av større fiskefartøy og offshorefartøy.
I tillegg skal det på plass hydrauliske sidestøtter for effektiv dokking, oppsamlingssystem for spillvatn frå høgtrykksspyling av skrogsider, samt installerast auka kapasitet for landstraum.
- Totalt sett er det eit økonomisk stort løft for verftet, men vi såg det som nødvendig for å utvide marknaden vår, seier Fiskerstrand.

Har seld gamledokka

Samstundes har verftet seld dagens 133 meter lange dokk til utlandet.
- Totalt har vi nok hatt nærare rundt 2.000 dokkingar i den gamle dokka frå 1943, ei dokk vi kjøpte i 1983, seier Fiskerstrand.
Han opplyser at det ikkje berre er ei 32 meter lenger og 3,4 meter breiare dokk som er viktig for verftet.
- Minst like viktig er punktbelastning og djupgåande.
- Med den gamle dokka hadde vi blant anna problem med dokking av fiskebåtar, som stikk djupt og er tunge med høg punktbelastning. No vert dette problemet løyst.

God aktivitet

Ved Fiskerstrand Verft er det no 105 fast tilsette. Dei har bra med arbeid framover, blant anna med ombygging av to ferjer til eit kanadisk selskap, og ombygging av Fjord1-ferjene Årdal og Lærdal frå diesel- til heilelektrisk batteriferjer.
Eit Havila-skip skal i tillegg ombyggjast til nodeseismikk for Axxis Geo Solutions.
- Hittil i år ser det bra ut, seier Fiskerstrand.

Mindre nybygging

Han opplyser at det truleg vert mindre satsing på nybyggingsoppdrag framover, blant anna fordi prisane i marknaden er for låge.
- Vi kjem til å satse meir på ombygging og vedlikehald.
- Med den nye dokka på plass, er vi trygge på å lukkast i denne marknaden.
Vi satsar blant anna stort på dokking og service av større fiskefartøy og offshorefartøy

Publisert: 05.06.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35