MF Svanøy Fjord1 foto Fjord1
TIL CANADA: Fjord1-ferja MF Svanøy skal trafikkere eit ferjesamband i Quebec i Canada. Foto: Fjord1
Nytt

Fjord1-satsing i Nord-Amerika

Leigeavtale for ferje skal opne ny marknad.

14.03.2022

Canship Ugland Ltd og Fjord1 har etablert det felleseigde selskapet Can Fjord Ferries Ltd for å bli ein aktør i ferjemarknaden i Nord-Amerika.

Første steg mot målet ein toårig leigeavtale for Fjord1-ferja MF Svanøy, som skal vere reserveferje i Quebec i Canada. Fjord1 leiger og ferje og mannskap til Can Fjord Ferries, som leigar vidare til ferjedriftsselskapet STQ, som er eigd av delstaten Quebec i Canada.

På veg mot Canada
MF Svanøy er allereie på veg mot Canada, og skal følgje ei sørleg rute over Atlanterhavet, via Kanariøyane.

- Vi har ein ambisjon om å utvikle Can Fjord Ferries til ein aktør i den Nord-amerikanske feriemarknaden. Vi arbeider med nye prosjekt og vår erfaring som operatør og eigar av ein stor miljøvenleg ferjeflåte, saman med Canship sin kunnskap om drift av fartøy i Canada, er ein god match. Fjord1 er verdas mest miljøvennlege ferjeoperatør, og med vår unike kompetanse på effektiv drift, nybygg og miljøvennlege løysingar gjer det oss konkurransedyktige i den internasjonale marknaden, seier driftsdirektør André Høyset i Fjord1 i ei pressemelding.

Opne for alle alternativ
Høyset seier til NETT NO at Can Fjord Ferries er opne for alle alternativ for korleis selskapet kan drive ferjedrift i Canada. Det omfattar mellom anna modellen som er vald for MF Svanøy, eller modellar der Can Fjord Ferries sjølv ruteoperatør.

Han seier hah meiner Fjord1 kan bidra både med kunnskap om korleis ferjedrift kan drivast genrelt, og spesielt i korleis bygge og drive ferjer som går på batteri.

Publisert: 14.03.2022 12:57

Sist oppdatert: 14.03.2022 15:05

Mer om