Fjord1 lading sulesund innfelt neteland
ELEKTRISK: Fjord1-sjef Dagfinn Neteland har hatt ansvaret for eit byggeprogram som gjer at Fjord1 har ein flåte på 35 elektriske ferjer, dei fleste nybygg. No er nybyggingsprogrammet nesten fullført. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Fjord1 ser slutten på milliardsatsing

Reiarlaget ligg an til ny ferjekontrakt - kan bygge om gamle ferjer på to samband.

12.02.2021

- Det er veldig bra å få gjenbruk av materiell, seier konsernsjef Dagfinn Neteland i Fjord1.

Statens Vegvesen har innstilt Fjord1 til å drive ferjesambanda Bognes – Skarberget og Drag – Kjøpsvik i Nordland. Til saman skal det brukast fire ferjer, med 80 til 120 personbilars kapasitet på sambanda.

Kontrakten er på 1,3 milliardar kroner, fortel Neteland. Den varer i ti år frå 1. desember 2022.

Les børsmelding her

Over fem milliardar
Statens Vegvesen har kravd elferjer, men ikkje nybygg på dei to strekningane. Det gjer at Fjord1 kan bygge om og nytte eldre ferjer, som har blitt til overs etterkvart som selskapet har fått nye elektriske ferjer på mange av sambanda selskapet har vunne dei siste åra.

I løpet av dei tre siste åra har Fjord1 investert over fem milliardar kroner i nye ferjer og infrastruktur for å trafikkere ferjestrekningar utan utslepp, seier Neteland.

To ferjer er under bygging i Tyrkia, og ei er under ombygging til elferje. Bortsett frå det er Fjord1 no ferdig med nybyggingsprogrammet sitt.

Les også: Taper på korona-forseinking

Vil konkurrere om hydrogen
Neteland seier han ser fylke som legg ut korte kontrakter på ferjesamband, og reknar med at det heng saman med eit strengare utsleppskrav frå 2025.

Innan dei strengare utsleppskrava tek til å gjelde, ventar Neteland at fylka vil samle fleire samband i større pakkar, med lengre kontraktsperiodar, som ferjeselskapa kan konkurrere om.

Fjord1 vil også konkurrere om sambandet over Vestfjorden i Nordland, der regjeringa vil ha ei ferje som skal gå på hydrogen.

Les også: Hydrogenferje over Vestfjorden


Publisert: 12.02.2021 15:53

Sist oppdatert: 02.10.2021 10:51

Mer om