Fjord1 sjefen trur ikkje Hafast eller Hordfast blir bygd
HAR IKKJE TRUA: Fjord1-direktør Dagfinn Neteland (innfelt) har ikkje tru på at fjordkryssingsprosjekt som Hordfast og Hafast (bilde) blir bygd. 
Nytt

Fjord1-sjefen trur ikkje Hafast eller Hordfast blir bygd

Reiarsjefen trur ungdomen vil stoppe E39-prosjekt, men fekk svar på tiltale om kostnadene på fjordkryssingane.

Marius Rosbach
25.11.2019

I samband med Mafoss sin 50-årsfeiring før helga terga Fjord1-direktør Dagfinn Neteland på seg fleire i salen då han tok til orde for å prioritere vegbygging, framfor fjordkryssingar.

Det var etter avtroppande fylkesordførar Jon Aasen sitt innlegg om korleis det stod til på samferdselsområde i Møre og Romsdal, at Fjord1-sjefen tok ordet.

– Hordfast vert aldri bygd, sann mine ord. Ungdomen kjem til å stoppe det før vi kjem i gong, sa han til salen.

Etterpå stadfesta han til NETT NO at han trur Hafast vil lide same skjebne. Innlegget var ikkje først og fremst meint som eit argument for framleis ferjedrift: – Eg trur berre ikkje på det, påpeika han.

Les også: Mafoss vil famne breiare

– Vi skal feire det vi har fått til – og sjå framover

Vil heller rette ut vegen
Neteland fortalde om sine erfaringar som pendlar mellom Bergen og Florø. På den strekninga var det ikkje den eine ferjeturen som Neteland opplevde som eit problem. Ras, tunnelstengingar og liknande derimot var stadig tilbakevendande utfordringar.

Fjord1-sjefen viste til anslag for prisen på Hordfast-sambandet over Bjørnafjorden i Hordaland på kring 45 milliardar.

– Folk er sjukeleg opptekne av desse ferjene, men eg vil heller bruke dei milliardane til å få betre og rettare vegar. Tryggleik er viktigare enn noko anna, la han til.

Les også: Kan kutte 16,4 milliarder på E39 Ålesund - Molde

Meiner Hafast blir sjølvfinansierande
Då Neteland var ferdig, slang Tore Roppen frå Prodtex seg på diskusjonen. Ulsteinvik-selskapet held på å utvikle nye produksjonsmetodar for brubygging, som vegvesenet trur vil senke E39-kostnadene med fleire milliardar kroner.

– Heilt til du reiste deg opp, har alle heldt seg til fakta i dag, sa Roppen humoristisk.

Men han gjekk ikkje med på at kostnaden for Hordfast ville kome på 45 milliardar. Vegvesenet har tidlegare i år gått ut med at prisen kan senkast betydeleg etter nye anslag og Roppen trur prislappen vil vere langt lågare.

– Og det er veldig truleg at den vert sjølvfinansierande, sa han – og la til at det same vil gjelde for Hafast.

– Når det blir hevda at Møre og Romsdal fylkeskommune har problem fordi ein bygger bru mot Nordøyane, så er ikkje det sant. Problemet er at ein bygger bru for seint, meinte Roppen.

Prodtex har utvikla ein automatisert produksjonsmetode som kan nyttast til å lage bruelement, og håpar å starte produksjon på Fiskåholmen i Vanylven i løpet av det neste året.

Les også: Satsar på stålfabrikk i Vanylven

Roppen skal finne flytebru-løysing

Meiner elferjer er ein suksess
Fjord1-direktør Dagfinn Neteland snakke i hovudsak om satsinga på elferjer, og han var ikkje i tvil om at det hadde vore ein suksess – både i høve klima og økonomi.

– Det er ikkje noko tvil om at det er eit kjempscoop når det kjem til miljø, sa Neteland og viste til at overgangen til batteridrift på ferjene berre i Sogn og Fjordane, ville kutte like store utslepp som heile elbilparken her til lands.

Samtidig viste han til store kostnader spart på drivstoff. Ein tur med elferje på Ande-Lote krev eit forbruk på berre 72 kilowattimar.

– Då kostar turen over fjorden mindre enn ein kaffi med svele, påpeika Neteland.

I 2017 hadde Fjord1 to elferjer i drift. Innan det neste året vil reiarlaget ha 36 elferjer på vatnet.

I desse dagar blir det jobba med å starte testlading av ferjene på Hareid-Sulesund. Reiarlaget reknar med at det først til våren vil vere full eldrift på dette og Magerholm-Sykkylven-sambandet.

Les også: El er billigare i det lange løp

Forseinking for eldrift på Hareid-Sulesund


Folk er sjukeleg opptekne av desse ferjene, men eg vil heller bruke dei milliardane til å få betre og rettare vegar

Publisert: 25.11.2019 14:38

Sist oppdatert: 30.09.2021 19:17