Fjordkryssingar Raumabanen og sjoetransport
PÅ DAGSORDEN: Stad skipstunnel (f.v.), og godstransport på Raumabanen og fjordkryssingane på E39 er mellom sakene samferdsleministeren vil få høyre om dei neste dagane. 
Nytt

Fjordkryssingar, Raumabanen og sjøtransport

Samferdsleministaren vil vite kva næringslivet i regionen meiner er viktigast i nasjonal transportplan.

Marius Rosbach
17.08.2020
Tysdag kjem samferdsleminister Knut Arild Hareide til Ålesund i samband med arbeidet med Nasjonal Transportplan for dei komande åra. Alle fylka og dei største byane har tidlegare kome med høyringssvar i saka.
– No dreg eg ut for å møte dei og diskutere prioriteringane deira. Eg besøker også næringslivet i regionane for å høyre kva transportutfordringar dei meiner er viktigast, uttalar samferdsleminister i pressemelding om besøket.
Stortingsmeldinga om transportplanen for perioden 2022 til 2033 blir lagt fram neste år.

Møter bedrifter ved Driw

Under eit besøk ved it-bedrifta Driw, skal Krf-statsråden møte ein rekke representantar frå næringslivet på Nordvestlandet.
Hareide får høyre innlegg frå NHO-direktør Espen Remme, Ulstein-sjef Gunvor Ulstein, Stryn-transportøren Rolf Olav Tenden og fleire andre. Mellom sakene som blir teke opp i eigne innlegg, er fjordkryssingane på E39, riksveg 15 over Strynefjellet og godstransport - både på Raumabanen og til sjøs.
Seinare under besøket i Ålesund tysdag møter samferdsleministaren fylkeskommunane i Trøndelag og Møre og Romsdal, i tillegg til Trondheim kommune.
Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal kom med innspel til Nasjonal Transportplan (NTP) før sommaren. Dei ønska i første rekke , framfor større enkeltprosjekt.

Les også:



Vil ha svar om skipstunnelen

Samferdsleministaren skal onsdag møte dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst. Ho kjem til å kreve klare svar om skipstunnelen.
– Han er ein av dei politikarane som har vore ivrigast til å støtte prosjektet, og vi vil vite om dette har endra seg etter at han vart statsråd, sa ho til NETT NO før helga.
Hareide skal seinare til Fredrikstad og Kirkenes på tilsvarande innspelsmøter.

Les også:






Gode Vegar om NTP:


Publisert: 17.08.2020 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01