Flakk hamstra aksjar for naer 20 mill fullwidth
STYRELEIAR: Knut Flakk er storaksjonær og styreleiar i Hexagon Purus og Hexagon Composites. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Flakk hamstra aksjar for nær 20 mill.

Storaksjonæren kjøpte på svak børsdag for Hexagon-selskap.

Marius Rosbach
19.02.2021

Flakk Gruppen sikra seg torsdag aksjar i Hexagon Purus og Hexagon Composites på det som var ein svak børsdag for begge selskap.

Selskapet som er kontrollert av Knut Flakk, sikra seg 250.000 aksjar i Hexagon Purus til en snittpris på 53,84 kroner, ifølgje ei børsmelding fredag.

Handelen kosta om lag 13,46 millionar kroner, og prisen er cirka to kroner over sluttkursen på Euronext ved Oslo børs torsdag.

Flakk og nærståande til forretningsmannen frå Ålesund, kontrollerer etter kjøpet om lag 4,7 millionar aksjar i hydrogenselskapet som gjekk på børs mot slutten av fjoråret.

Minus i 4. kvartal
Same dag kjøpte Flakk 100.000 aksjar i Hexagon Composites til ein snittkurs på 58,91 per aksje - totalt nær 5,9 millionar kroner, ifølge ei børsmelding.

Konsernet med hovedkontor i Ålesund melde dagen i forvegen eit minusresultat for 4. kvartal i fjor. Sjølv om den største verksemda i Hexagon Composites går bra, drog hydrogen og store mobile gasstankar ned.

Tøff dag for fleire
Hexagon Purus-aksjen sank torsdag med 10,24 prosent, medan aksjekursen i Hexagon Composites gjekk ned med 8,84 prosent, i løpet av dagen.

Også Havyard Group hadde ein tøff dag på børsen torsdag og fall mest med 19,6 prosent.

Les også: Tøff dag på børsen for Havyard

Ni milliardar meir verdt på tre veker

Hexagon Purus: Varslar større underskot i år


Publisert: 19.02.2021 08:34

Sist oppdatert: 19.02.2021 19:40