Blank 1170 x 625
AUKA MEST: Stig Remøy og Knut Flakk auka formuen med tilsaman ein milliard i fjor, viser rangeringa frå Kapital. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Flakk og Remøy auka formuen mest

Sjekk kven frå Nordvestlandet som er på årets «riking-liste» fra Kapital.

21.09.2023

Industri- og reiselivsinvestor Knut Flakk auka formuen med 0,6 milliardar kroner i fjor. Offshorereiar Stig Remøy auka med den 0,4 milliardar, ifølgje den årlege rangeringa til næringslivsmagasinet Kapital si årlege rangering av dei 400 rikaste i Noreg.

Remøy er rangert på 103. plass med 3,9 milliardar kroner i formue. I fjor var han på 119..plass. "Samtlige selskaper i konsernet leverte gode bidrag til både topp- og bunnlinjen i fjor", skriv Kapital om Stig Remøy.

Knut Flakk går frå 176. til 131. plass på lista med ein formue på til 3,2 milliardar kroner. "Spydspissen, børsnoterte Hexagon Composites, er opp over 30 prosent på børs det siste året.", skriv Kapital om Flakk-familiens investeringar.

Kraftig verdifall for Røkke
Aker-eigar Kjell Inge Røkke på 7. plass, som i fjor, og er den rikaste frå Nordvestlandet, med 38,5 milliardar kroner i formue. Verdiane til den Sveits-busette romsdalingen krympa med 6,9 milliardar kroner i fjor.

Røkke sin tidlegare forretningspartnar Bjørn Rune Gjelsten er på 12. plass (13. plass i fjor) Formuen er 19,1 milliardar i formue, ned med 0,4 milliardar kroner frå i fjor.

Lars Wenaas er på 18. plass (16. plass i fjor) med 14 milliardar kroner, ned med ein milliard.

Olav Nils Sunde på 32. plass (48. plass i fjor) med 9,2 milliarder. Det er ein auika på 2,1 milliardar kroner samanlikna med i fjor.

Per Sævik er på 68.plass (uendra plassering) med 5,5 milliardar kroner i formue, ein nedgang på 0,9 milliardar kroner sidan i fjor.

Største fall på 15 år
Kapital vurderer marknadsverdien av det dei som står på liste eig, og presenterer lista mellom anna som eit korrektiv til tala i dei årlege skattelistene.

Når det er snakk om familiar, blir formua plassert hos den Kapital meiner bestemmer - uavhengig av det formelle eigarskapet.

Til saman har dei 400 på liste 1.876 milliarder kroner i formue. Det er ein nedgang på 1.884 milliardar kroner samanlikna med i fjor. Det er det største fallet på 15 år, skriv Kapital.

Nedgang for brønnbåteigar
Rostein-eigar Odd Einar Sandøy er på delt 103. plass med Stig Remøy, med 3,9 milliardar kroner i formue. Kaptial har nedjustert vurderinga av Sandøy si formue med 0,7 milliardar. I fjor var Sandøy på 88. plass. Sølvtransmedeigar Roger Halsebakk er rangert på 179. plass med ein formue på 2,45 milliardar, ned frå 2,6 milliardar i fjor.

Tidlegare medeigar av Stokke-konsernet, Rune Stokke, har auka formuen med 0,7 milliardar kroner, til 3,55 milliardar, anslår Kapital. Han avanserer frå 156. til 118.plass.

Roger Halsebakk si formue er nedjustert med 0,15 milliardar kroner, til 2,45 milliardar. Han er nummer 179 på lista. Brødrene Sunde-medeigar Karl Johan Sunde er på 182. plass med 2,4 milliardar kroner i formue, uendra frå i fjor.

Anders Pedersen er på 193. plass med 2,25 milliardar kroner i formue. Kapital har oppjustert Pedersens formue med 0,2 milliardar kroner sidan i fjor.

Nordfjord Kjøtt-eigar Geir Egil Roksvåg på 211. plass auka formuen med 0,2 milliardar kroner i fjor, til 2,05 millionar kroner.

Nils Wenaas er på 240. plass med 1,8 milliardar kroner i formue, opp med 0,05 milliardar.

Sjømateksportør og eiendomsinvestor Gunnar Haagensen er nykommer på listen, på 251. plass med 1,7 milliardar kroner. Broren Leif er rangert på 310. plass med 1,4 milliardar kroner i formue.

Gruveinvestor Sturla Steinsvik er på 264. plass med 1,65 milliardar kroner i formue, opp 0,1 milliard frå i fjor.

Norsk Sjømat-medeigar Bjarte Tunold er på 290. plass, med 1,55 milliardar kroner i formue. Det er ein nedgang på 0,2 milliardar. Partnaren Per Magne Grøndahl er på 365. plass, med 1,2 milliardar kroner, ned 0,2 milliardar frå i fjor.

Tidlegare oppdrettar Ottar Vartdal si formue er den samme som for eitt år sidan, 1,55 milliardar kroner. Han er rangert på 297. plass.

Grossist- og eigedomsinvestor Hans Joakim Giørtz er rangert på ein delt 327. plass, med 1,35 milliardar i formue. Det er ein nedgang på 0,05 milliardar kroner.

Også Bunker Oil-eigar Jan Magnus Kleven er rangert likt med Giørtz, etter eit comeback på lista.

Publisert: 21.09.2023 11:35

Sist oppdatert: 21.09.2023 11:35

Mer om