Dronning Sonjas plass innfelt Knut Flakk
DRONNING SONJAS PLASS: Administrasjonen i kommunen meiner plassen i dag har manglande kvalitetar og trur ein privat aktør er betre i stand til å utvikle området. Knut Flakk (innfelt) har allereie meldt si interesse for tomta. Utforminga av sjølve bygget skal avklarast seinare.
Nytt

Flakk vil ha nytt hovudkontor her

Politikarane har gitt grønt lys for å legge ut Dronning Sonjas Plass i Ålesund for sal.

Marius Rosbach
16.12.2020

Nyleg blei det kjent at Ålesund kommune vurderer å selje Dronning Sonjas Plass i sentrum av jugendbyen.

Formannskapet ga tysdag grønt lys for å legge ut tomta for sal, men har sett ei rekke vilkår, ifølgje Sunnmørsposten.

I møtet kom det også fram at den private aktøren som har meldt seg, er ålesundaren Knut Flakk.

(sjå lenke til vedtaket i kommune-tv under)

Flakk stadfestar interessa for tomta til NETT NO og fortel at utgangspunktet er at Flakk-konsernet ønsker seg eit nytt hovudkontor.

– I dag er konsernet spreidd litt ulike plassar i byen og vi vil gjerne samle oss i eit hovudkontor. På bakkeplan vil det vere publikumsretta verksemd, og det kan vere alt frå kafé, restaurant, mathall – eller heilt andre ting, fortel Flakk til NETT NO.

Skal leggast vekt på byutvikling
Sal av Dronning Sonjas Plass blir sett i samanheng med den planlagde utviklinga av sørsida. Det vil mellom anna bli lagt vekt på at tomta skal integrerast med ein parkdel på sørsida av Brosundet.

nettnohalf

– Vi reknar med at det kan melde seg andre interessentar, men vi håpar sjølvsagt at det er oss som får tilslaget, legg Flakk til.

I saksutgreiinga blir det påpeika at eit eventuelt sal skal skje gjennom «transparente prosessar i den opne marknaden til høgstbydande som har det beste designkonseptet for utvikling av byrommet».

Har lokalar fleire stader i byen
Allereie i dag held Flakk-selskapet 62 Grader Nord til på staden, som mellom anna driv med sal av båtturar frå kaia. Konsernet har i dag hovudkontor tvers over vegen i Korsegata og har også lokalar ved Skansekaia.

Konsernet er involvert i alt frå produksjon av gass- og drivstofftankar i Hexagon Composites, via glassfasader i H-Produkter, ullkle frå Devold og eigedom.

Sjå behandlinga i formannskapet via Ålesund kommune sine heimesider (ekstern lenke)

Les også: Neste generasjon Flakk tek over

Festdag på børsen for Hexagon Purus-aksjonærar

Knut Flakk: – Verden sier faktisk «Look to Norway»


Vi reknar med at det kan melde seg andre interessentar, men vi håpar sjølvsagt at det er oss som får tilslaget

Publisert: 16.12.2020 11:11

Sist oppdatert: 07.07.2022 15:12