Ørsjan Solvang Toyota Nordfjord
LENGER VENTETID: Leveringstidene for nye bilar er omlag dobla sidan i fjor, seier dagleg leiar Ørjan Solvang i Toyota Nordfjord og Førde. Det gjer det vanskeleg å spå korleis 2022-tala kjem til å sjå ut fordi salet først skjer i det bilane blir registret. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Flaskehalsen er å få tak i bil

Toyota Nordfjord og Førde skriv kontraktar på nye bilar, men mange av dei blir først levert neste år.

14.06.2022

Toyota Nordfjord og Førde hadde ein kraftig vekst frå 2020 til 2021, men i år er tilgangen på nye bilar blitt ein flaskehals.

- Salet er framleis godt, men bilane har latt vente på seg, seier dagleg leiar og medeigar Ørjan Solvang.

Toyota Nordfjord og Førde, med avdelingar i Måløy, Stryn og Førde, har i fleire å vore mellom dei mest lønsame bilforhandlarane på Nordvestlandet. I fjor greidde selskapet både å auke driftsinntektene og lønsemda (sjå tabell).

Lenger ventetid
Medan ventetida for å få levert ein ny bil i fjor var oppe i rundt ein halvt år er den no oppe i over eitt år for dei modellane med lengst leveringstid.

Konsekvensen er at ein del av bilar som blir bestilt i dag først blir levert neste år. Det er først når bilane blir registret at handelen mellom bilforhandlar og kunde blir gjennomført. Ventetida gjer at Solvang har vanskar med å anslå kor store driftsinntektene blir i år.

Færre bruktbilar
Lang ventetid på nye bilar betyr også at færre brukte bilar kjem inn i marknaden. Før kundane får den nye bilen sin held dei på den gamle og dermed blir lange leveringstider ein flaskehals også i bruktmarknaden.

I fjor fordelte driftsinntektene frå nybil- og bruktbilsal seg omtrent 50/50 følgje Solvang.

Toyota Nordfjord og Førde as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt390,5250,4
Driftsresultat25,614,1

Resultat før skatt

24,311,6

Publisert: 14.06.2022 09:08

Sist oppdatert: 14.06.2022 11:15

Mer om