Fleire er interesserte i Fjellro og Petrines
TIL SALS: Både Petrines Gjestgiveri og Fjellro Turisthotell (innfelt) ligg no ute for sal. 
Nytt

Fleire er interesserte i Fjellro og Petrines

Turisthotellet i Valldal er i dialog med kjøpar og fleire har vist interesse for å ta over gjestgiveriet i Norddal.

Marius Rosbach
16.12.2019
Av heilt ulike årsaker er det endringar på gong både ved Fjellro turisthotell i Valldal og Petrines Gjestgiveri i Norddal.
Ved Petrines ga dei . Måndag er det klart for første skiftesamling i konkurssaka i Sunnmøre tingrett. Eigedomen ligg ute til sal for 1,75 millionar.

Bustyrar Mari Vik-Slettvoll fortel at fleire har teke kontakt og vist interesse.
– Buet er i dialog med fleire aktuelle interessentar, men det er inga avklaring enno, fortel ho til NETT NO.
Pensjonatet og spisestaden har ti rom i det meir enn 100 år gamle bygget – som tidlegare var aldersheim i bygda. Bygningen stod ferdig i 1916, og er sist renovert for ti år sidan.

Les også:


I dialog med kjøpar i Valldal


I Valldal har eigarane av Fjellro turisthotell, ekteparet Mike og Eli Linge Boatwright, bestemt seg for å pensjonere seg – og selje. Dei er no i dialog med ein konkret kjøpar.
– Det har vore god respons og det er fleire som har vore interessert. Vi er no i dialog med ein av desse, fortel Eli Linge Boatwright til NETT NO.

God førehandsbestilling

Hotellet er ope i helgane som vanleg på denne tida. Boatwritght fortel om godt besøk og bookinga for neste sesong lovar også bra.

– Det lover veldig godt. Det har aldri vore så god førehandsbestilling som no, fortel ho.
Hotellet med 24 rom blei bygd i 1919, og er etterpå utvida med to bygg. I tillegg er det restaurant, pub, kafé/frukostsal, møterom/tv-stove og tre terrasser. Dei seinare åra er det også investert i uteområde.
Omsetninga har stege til kring fem millionar dei siste åra, og drifta har gått med overskott fire av dei fem siste rekneskapsåra.

Meir om reiseliv

:


Inntektene sank ved Petrines

I konkurssaka for Petrines Gjestgiveri gjorde advokat Mari Vik-Slettvoll seg ferdig den førebelse innberetninga til tingretten før helga.
Bustyrar skriv at økonomien har vore marginal over tid, og situasjonen blei ekstra vanskeleg etter sommaren. Det kjem fram at inntektene gjekk ned med meir enn 30 prosent i år, samanlikna med same periode i fjor. Kostnader til lønn var om lag den same.
Dei siste åra har eit samarbeid med Visit Norddal om bruk av Norddalstunet, gitt eit oppsving i inntektene. Desse flata etter kvart ut, og avtalen blei avslutta i 2019.

Satsa på heilårsdrift

NETT NO møtte dei nye drivarane tidlegare i år, som . Drifta gjekk likevel ikkje og i .
I tillegg til lønnskrav frå fem tidlegare tilsette, er det kome inn krav på drygt 1,4 millionar kroner. Størstedelen er eit pant Sparebanken Møre har i eigedomen på litt over ein million, ifølgje rapporten.

Les også:




Det har vore god respons og det er fleire som har vore interessert

Publisert: 16.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47