Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
HISTORISK HØGT: For mange lånekundar er dagens rentenivå historisk høgt, fortel Ørskog Sparebank-sjef Erik Kavli i kvartalsrapporten til banken.
Nytt

Fleire får nei på lånesøknadar

Dempa låneetterspørselm, men lite tap for Ørskog Sparebank.

08.11.2023

Auka levekostnadar og eit rentenivå vi ikkje har sett sidan 2008 gir også fleire avslag på lånesøknadar frå nye og eksisterande kundar, skriv Ørskog Sparebank i kvartalsrapporten for 3. kvartal.

Banken merkar og at det er få ledige bustadar på marknaden i banken sitt område, noko som dempar låneetterspørselen.

For mange kundar er dagens rentenivå noko dei aldri har opplevd.

"I marknaden ser ein no dei høgaste bustadrentene sidan 2008. Alle som har kjøpt sin første bustad dei siste 16 åra opplever difor no historisk høge renter." skriv banken i kvartalsrapporten.

Samstundes er det få kundar som har fått store økoniomiske problem.

"Banken merkar ei svak auke i førespurnadar om avdragsfritak, men ser ikkje noko markant negativ endring i betalingsvilja til kundane. Etter styret si vurdering er låneportefølja robust.", heiter det i kvartalsrapporten.

Les børsmelding her

Rentenettoen, skilnaden på banken sine inntekter frå utlån og utgifter på innskot og anna finansiering, har auka.

Ørskog Sparebank
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20232022
Inntekt78,364,3
Resultat før tap50,430,9
Resultat før skatt34,228,0
Ørskog Sparebank
3. kvartal. I mill. kroner20232022
Inntekt26,622,0
Resultat før tap13,610,7
Resultat før skatt8,19,8

Publisert: 08.11.2023 08:59

Sist oppdatert: 08.11.2023 08:59

Mer om