Fleire hotell opnar att
Nytt

Fleire hotell opnar att

Ny aktivitet etter at store delar av hotellnæringa på Nordvestlandet har vore stengt.

Marius Rosbach
11.05.2020
Etter at strenge smittevernstiltak blei innført i midten av mars, har mange hotell på Sunnmøre og i Nordfjord vore stengt. No tek fleire igjen i mot gjestar – eller planlegg opning i løpet av kort tid. Alle påpeiker at dei følger smittevernreglane.
Måndag opna Hotel Brosundet i Ålesund for gjestar, etter å ha vore stengt sidan siste veka i mars. Storfjord Hotel, som også er eigd av Flakk Gruppen, opna allereie førre veke – og Hotel Union Øye i same konsern opna i slutten av april.
Scandic Parken-hotellet melder at dei opnar 22. mai, medan Hotel Alexandra i Stryn opnar for overnatting i helgane frå 29. mai. Hotellet i Loen var mellom dei første som stengte dørene, saman med Hotel Loenfjord. Loen Skylift med Hoven Restaurant og Via Ferrata Loen, opnar allereie fredag.

Fleire har fått krisestøtte

Fleire hotell er mellom dei bedriftene som har fått mest sokalla kontantstøtte for å dekke faste utgifter i samband med koronakrisa. Scandic Parken, som er , har fått mest med 1,27 millionar.
Også Hotel Alexandra i Stryn, har fått betydeleg støtte - om lag 950.000 kroner. Hotelldirektør Richard Grov er likevel ikkje nøgd med ordninga, og foreslo fleire forbetringar i .

Les også:


Richard Grov:


Hell i uhell for Ålesund-hotell

I Ålesund er det stort sett berre dei Nordic Choice-eigde hotella, Quality Waterfront og Quality-hotellet i Sorenskriver Bulls gate som har vore ope.
Sistnemnte har hatt hell i uhell, fordi for å få logistikken til å gå opp med tilsette andre stader som er i karantene.

Les meir:




Publisert: 11.05.2020 11:59

Sist oppdatert: 09.06.2021 08:08