Eva vinje aurdal foto ålesund kommune 11
ORDFØRAR: Eva Vinje Aurdal. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Fleire nye koronatilfeller i Ålesund

Fleire skuletrinn i karantene – treningssenter stengt. Sjå video med ordføraren.

Marius Rosbach
20.03.2021

I samband med ein uavklart smittesituasjon i Ålesund, går ordførar Eva Vinje Aurdal ut med ei oppmoding til innbyggarane om å ta vare på seg sjølve og kvarandre - og hugse smittevernreglane.

Laurdag var det registrert minst 23 koronatilfeller i kommunen.

– Ålesund står no ovanfor ein heilt ny smittesituasjon. Vi er i dialog med helsemyndigheiter og styresmakter om korleis vi skal handtere dette utover dei som allereie er sett i karantene, seier Aurdal i ei pressemelding.

(sjå video under)

Ålesund kommune fekk laurdag ettermiddag meld to nye smittetilfelle av koronavirus, ifølgje kommunen si heimeside.

– Ålesund kommune jobbar no for å avklare kven som skal i karantene og i ventekarantene. Smittesituasjonen er uoversiktleg, seier kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg.

Kommunen ser no på kven som skal i karantene og ventekarantene. Dei som skal i ventekarantene vil bli kontakta. Her er ei oversikt så langt:

  • · 3. trinnet på Aspøy barneskole er i karantene
  • · 10. trinn på Kolvikbakken ungdomsskole er i karantene
  • · Family Sport Club Nørve er stengd

Kommunen har kalla inn til pressekonferanse om saka søndag klokka 14.

Les meir på heimesida til Ålesund kommune (ekstern lenke)

Publisert: 20.03.2021 20:14

Sist oppdatert: 20.03.2021 21:27

Mer om