Fleire pendlar til jobb og har heilt ulike opplevingar
ULIKE OPPLEVINGAR: Dag Igesund (innfelt) som pendlar med hurtigbåten har ei langt meir positiv oppleving av pendlarlivet, enn Anne-Margrethe Eining som tek ferje. 
Nytt

Fleire pendlar til jobb – og har heilt ulike opplevingar

Talet på pendlarar til Ålesund har auka mykje siste ti åra. «Heilt ille» og «easy-peasy», seier to som pendlar over fjorden på kvar sin måte.

Marius Rosbach
02.11.2019
I løpet av dei ti siste åra har talet på dei som pendlar til Ålesund, auka med kring ein firedel. I same periode har pendlinga til Molde auka med ti prosent og til Kristiansund med tre prosent.
Nær 8700 personar pendla inn til Ålesund i fjor - om lag ein av tre sysselsette i kommunen, viser tal frå fylkesstatistikken til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Langt dei fleste kjem frå Sula (1991 stk.), Giske (1664 stk.) og Skodje (951 stk.). Samtidig er det nær 5000 som pendlar ut frå Ålesund. (sjå oversikt i illustrasjon til høgre - trykk for større versjon)

– Det er heilt ille

Frå dei to kommunane Ulstein og Hareid er det om lag 370 personar som pendlar med hurtigbåt frå Hareid til Ålesund sentrum, eller ferje Hareid-Sulesund.

Anne-Margrethe Einang frå Ulstein og Dag Igesund frå Hareid er to av desse - og fortel om ulike kvardagar.
Einang køyrer bil og tek ferje. Det gir henne ein kostnad på kring 4000 kroner i månaden.
– Det er heilt ille, hovudsakleg fordi det er dyrt. Og dei seier det skal bli dyrare frå nyttår, seier ho til NETT NO medan ho er på veg til jobb om morgonen.
Ho tek ferje over fjorden til jobben som lastebilsjåfør for Frode Pilskog Varetransport. Derifrå køyrer ho ei rute til Ørsta og Volda.
– Kunne du tenke deg å ha bru i staden for ferje?
– Å, ja - gjerne bru! Det å vere avhengig av å heile tida måtte rekke ferja, er direkte travelt, seier ho og peiker på usikkerheit om ferja er i rute, eller om det skjer noko anna uventa.
Ho viser til opplevinga då Eiksundsambandet blei opna for litt over ti år sidan. Då kunne folk frå Hareidlandet køyre ferjefritt innover til fjordane og vidare til Stryn og Austlandet.
– Det var heilt fantastisk – men vi bur på eit øysamfunn, så vi er jo vande med å ha det slik, legg ho til.

«Easy-peasy» med hurtigbåt

Dag Igesund jobbar i Stokke og har pendla i åtte år frå Hareid til Ålesund. Han har ei heilt anna oppleving av pendlarlivet enn ferjependlaren.

– Det er «easy-peasy», seier han til NETT NO.
Frå bustaden i Brandal tek han bil til Hareid sentrum, og deretter hurtigbåt til Ålesund, før han går nokre meter til hovudkontoret til Stokke i Parkgata. Slik klarar han godt å kome seg til jobb på mindre enn ein time.
– Eg synest det er ein veldig behageleg måte å komme til og frå jobb. Det er ei kort reise og mykje meir behageleg enn å køyre ferje og bil, så for meg er det ein ideell måte å pendle på, seier han.

Oppdaterer seg undervegs

Igesund reiser også ein del utanlands i jobben for Stokke og då er det like enkelt å pendle til flyplassen på Vigra. Han nyttar gjerne høve til å starte arbeidsdagen undervegs på hurtibåten.
– Eg er som regel påkopla jobben med det same eg sett meg på båten. Det er også bra, fordi eg betener i hovudsak marknadene i Kina og Pakistan som er på ei tidssone framfor oss. Då er eg som oftast oppdatert på det meste innan eg kjem til Ålesund, fortel han.

Publisert: 02.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43