Bolig illustrasjon foto marius 33
AVVENTANDE: Marknaden for bruktbustader er avventande i Ålesund-området om dagen, meiner lokal banksjef. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Fleire ventar med å selje til etter rentetoppen

Banksjef trur på vidare nedgang før budstadmarknaden i Ålesund kan få eit oppsving.

05.12.2023

Tysdag kom dei siste tala for bustadmarknaden som viste eit fall i november på 1,3 prosent i november. Sesongjustert gjekk dei opp 0,1 prosent, ifølgje statistikk frå Eiendom Norge.

Banksjef i Nordea Ålesund, Aage Ellingsund Christensen, opplyser at prisfallet har vore moderat i Ålesund-området og at gode objekt framleis blir selt.

Fleire vil vente med å selje
Han fortel at det framleis er stor usikkerheit i marknaden, og dei ventar framleis nedgang dei neste månadene.

Bankens inntrykk er at fleire no vil vente med å selje bustaden, før rentetoppen er nådd.

– Når vi utover nyåret ser at rentene har stabiliser seg, kan marknaden få eit lite oppsving igjen, meiner Christensen.

Søker meir tryggheit og mindre kostnader
I løpet av året har bustadkjøparane blitt meir forsiktige og stadig fleire kundar vel å selje eigen bustad først, før dei kjøpar ny.

– På den måten veit dei akkurat kva dei har å rutte med for eit bustadkjøp, uttaler Christensen.

Samtidig er det no fleire som vil «selje seg ned» – med andre kjøpe ein billigare bustad, enn dei har i dag. Det gjeld spesielt for dei som nærmar seg pensjonsalder, ifølgje banksjefen.

Ved å skaffe ein rimelegare bustad, kan ein redusere gjeld og kostnader.

Fall i fem av seks siste månader
Med nedgangen i november har bustadprisane falle i fem av dei siste seks månadene. Det kjem mellom anna etter at Noregs Bank har auka styringsrenta.

Ved utgangen av november var gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg 4.319.514 kroner.

Så langt i 2023 har bustadprisane i Noreg stige med 1,3 prosent.

Publisert: 05.12.2023 12:22

Sist oppdatert: 05.12.2023 13:24

Mer om