Fleire vil faa kontantstoette
NY UTREKNING: Næringsminister Iselin Nybø endrar kompensasjonsordninga for bedrifter. 
Nytt

Fleire vil få kontantstøtte

Regjeringa endrar kompensasjonsordninga.

15.05.2020
(NPK-NTB): Kompensasjonsordninga for bedrifter er utvida slik at ho òg omfattar fleire bedrifter som driv med dyr – som hundekøyring, dyreparkar og akvarium.
Frå 16. mai vil det vere mogleg å søkje om kompensasjon for tapte inntekter i april.
Dyrefôr og uunngåeleg lønn for tenesteytande verksemder der levande dyr er ein del av tenesta, blir rekna som faste utgifter.
– Dyr må takast vare på uavhengig av økonomiske kriser. Det kostar å gi dei mat og stell, og eg er derfor veldig glad for at bedrifter som driv med hundekøyring, dyreparkar og akvarium no vil få kompensasjon for desse utgiftene, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei
Endringa omfattar ikkje oppdrettsnæringa.
I søknaden for april vil òg eigendelen i ordninga halverast frå 10.000 til 5.000 kroner.
– Det vil først og fremst vere for å komme dei minste bedriftene i møte. Mange småbedrifter har allereie nytta seg av ordninga, og desse vil merke effektane av redusert eigendel best i neste søkjerunde, seier Nybø.

Innfører «sesongfaktor»

Frå søknaden for mai, som vil komme i juni, vil dessutan kompensasjonsbeløpet for sesongbedrifter bli skalerte med ein «sesongfaktor». Kor mykje av dei totale inntektene i 2019 som kom i mai, vil påverke kor mykje pengar som vil bli utbetalt for mai 2020.
Sesongfaktoren vil òg gjelde for dei utanfor sesong, som vil medføre at enkelte bedrifter vil få nedjustert støtta.
For å reknast som sesongbedrift må minst 80 prosent av dei årlege inntektene komme på seks månader.
Den nye ordninga vil gjelde for søknadsrunden for mai, men kompensasjonen for mars og april vil då bli rekna ut på nytt og etterbetalt.
(©NPK)
Det vil først og fremst vere for å komme dei minste bedriftene i møte

Publisert: 15.05.2020 23:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57