Fleire vil kjoepe fjordhotell
TRULEG NYE EIGARAR: Sula-bedrifta Sunde Fjord Hotel får truleg nye eigarar etter at familien Ågotnes har eigd plassen i fleire år. Foto: Sunnmøre Næringsmegling
Nytt

Fleire vil kjøpe fjordhotell

Familiebedrift i Sula har fått fleire bod. 

Marius Rosbach
25.08.2020

Sunde Fjord Hotel er no til sals etter å ha vore drifta av familien Ågotnes i ei årrekke. Hotellet med 29 rom, i tillegg til leilegheiter og restaurant, har ei prisantyding på 14,8 millionar kroner.

– Det er eit godt potensial og det har vore gode resultat i sommar, i tillegg til at det er godt belegg med arbeidarar no i etterkant, fortel meklar Tore Håvik ved Sunnmøre Næringsmegling til NETT NO.

Hotellet har vore vurdert selt tidlegare også, men no ser det ut til bli alvor av eit eigarskifte.

– Det er reell interesse frå 3-4 aktørar, seier Håvik, men kan ikkje seie kven det dreiar seg om.

Travel juli
Eigar og dagleg leiar Henning Ågotnes har teke over drifta etter si mor, Inga, som har pensjonert seg. Samtidig har han anna jobb ved sidan av.

nettnohalf

– Eg har først og fremst teke over for at ho skulle få pensjonere seg. Vi har ikkje hatt hastverk med å selje, men no har vi fått fleire bod, fortel Ågotnes til NETT NO.

Sjølv om det naturleg nok har vore ein spesiell sesong, stadfestar han at det har vore ein travel sommar.

– Det har vore ein fantastisk bra juli, seier han.

Les også: Nordvestlandet er blant turistvinnere

Hoteltillitsvalt utfordrar regjeringa om permisjonsregel

Fleire frå utlandet
Trafikken med ferierande nordmenn har gått ned i det siste, men det har kome påfyll med reisande frå utlandet.

– Vi har framleis god pågang. No er det ein del tyskarar og danskar på besøk. I tillegg har vi mange arbeidarar som bur her fast, fortel Ågotnes.

Sunde Fjord Hotel som er plassert like ved ferjeleiet i Solavågen, har tidlegare vore mellom dei mest lønnsame hotella i NETT NO sin resultatoversikt. Dei siste åra har det vore andre drivarar og inntektene har gått noko ned.

Pågang om private selskap
Ågotnes har likevel tru på staden og fortel at dei igjen opplever ei auke med folk som vil ha private selskap etter koronabremsen.

– No framover har vi god pågang med minnestunder og konfirmasjonar. Berre i helga har vi to konfirmasjonar, fortel han.

– Slik sett er eg ikkje bekymra. Det einaste vi fryktar no er at koronasituasjonen skal bli verre igjen, legg han til.

Krava til smittevern legg ekstra arbeidsoppgåver på reiselivet – og spesielt hotella. Deira bidrag er å sørge for at risikoen for smitte er lågast mogleg.

– Vi spritar, vaskar og gjer alt vi kan for å halde smittevernet oppe, men det er krevjande, legg han til.

Les også: Meiner reiselivet treng «marshallhjelp»

Har ikkje fleire tiltak for gründerbedrifter

Nybø: – Vi kjem ikkje med pengar no


Det einaste vi fryktar no er at koronasituasjonen skal bli verre igjen

Publisert: 25.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 15.01.2022 14:17