Fleire års arbeid før lansering
Først i 2025/2026 kan psoriasismedisinen frå Arctic Bioscience vere klar i marknadene.
Etter kapitalutvidinga og børsnoteringa i dag har Arctic Bioscience sikra seg finansiering heilt fram til selskapet kan lansere den silderogn-baserte psoiriasismedisinen sin, følgje administrerande direktør Ole Arne Eiksund.
No arbeider selskapet med å planlegge og rekruttere folk til ein omfattande medisinsk studie. 500 personar frå sju land i Europa skal vere med på studien, og dei første testpersonane vil starte å teste ut middelet i første kvartal neste år.
Samstundes som den store studien er i gang, startar planlegginga av ein mindre studie som også skal omfatte USA. Den studien vil mellom anna basere seg på funn frå den store studien, og når begge to er ferdig kan godkjenninga som legemiddel kome. Det kan skje i 2025/2026, anslår Eiksund.
Fleire alternativ
Når den store studien er klar, og om den er vellukka, har selskapet fleire alternativ for å gå vidare, frå ulike samarbeid med store legemiddelfirma, til å gå vidare på eiga hand. Kva alternativ som blir vald er ikkje klart i dag, seier Eiksund.
Arctic Bioscience vil produsere psoriasismedisinen i eigen fabrikk i Ørsta.
I mai skal planlegginga av fabrikken vere ferdig, og Eiksund reknar med at selskapet vil ta stilling til endelig byggestart innen sommeren.
Arctic Bioscience er allereie etablert som helsekostprodusent, og fabrikken skal i første omgang produsere helsekostprodukt og studiemateriale. Når legemiddelgodkjenninga er på plass er planen å bygge ei produksjonsline til i fabrikken.
668 millionar kroner
I dag hadde Arctic Bioscience sin første dag som børsnotert selskap.
Aksjekursen ved børsslutt var 27,50 kroner per. aksje, som verdset selskapet til 668 millionar kroner.
I kapitalutvidinga før børsnotering var kursen 31 kroner per aksje.
Publisert: 24.02.2021 16:44
Sist oppdatert: 31.05.2021 11:41