Fleirtal vil forby pelsoppdrett
OPPDRETT: 56 prosent meiner at pelsdyrppdrett bør bli forbode, her minkbur.
Nytt

Fleirtal vil forby pelsoppdrett

56 prosent av det norske folket meiner oppdrett av pelsdyr bør bli forbode. Dyrevernarane har vunne, meiner valforskar Frank Aarebrot.

22.12.2015
(NPK-NTB): Det er dei unge som er mest negative til pelsdyrnæringa, viser undersøkinga som er gjennomført av Sentio for . Blant dei under 30 år er sju av ti for eit forbod. I aldersgruppa 60+ seier halvparten ja til å forby oppdrett.
– Dyrevernarane har vunne kampen med filmar og bilete som viser dyremishandling. Det har nok ført til at veldig mange har blitt imot næringa, seier valforskar og professor Frank Aarebrot. Han viser blant anna til filmen «Pels», som vart vist på NRK i fjor og som førte til mykje debatt.
Aarebrot trur ikkje næringa har mykje å vinne på sine filmar og reklameoppslag for å påverke opinionen.
– Dei har ikkje vunne kampen om realitetane. Uansett kor mykje bra dei viser, trengst det berre éin film som viser det motsette. Dyrevernarar har på vellykka vis klart å få fram at pelsdyrnæringa ikkje har kontroll på bøndene.

Gir ikkje opp

Pelsdyralslaget har likevel ikkje tenkt å gi seg.
- Undersøkingar av haldningar til næringa varierer mykje, seier kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag. Ho meiner det er nokre få som øydelegg for alle, men understrekar at dei aller fleste pelsdyrbønder driv forsvarleg. (©NPK)
Vi opplever at slaget om pelsdyrnæringa på ingen måte er over

Publisert: 22.12.2015 09:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51