Flest ledige i reiseliv og transport
STILLE: Aude sentrum i Geiranger i starten av august. Bortsett frå nokre hektiske veker i fellesferien har mange i reiselivet hatt lite å gjere etter koronapandemien slo til.
Nytt

Flest ledige i reiseliv og transport

Nye tal viser kva yrker som er hardast råka av arbeidsløyse – og at fleire går ledig lenge.

Marius Rosbach
02.10.2020
Fredag kom det nye tal frå NAV som viser utviklinga i arbeidsløysa. Både i Møre og Romsdal og Vestland fylker blir det færre ledige, men det er framleis langt høgare enn før koronapandemien slo til i vår.
I Møre og Romsdal er det blitt drygt 860 færre heilt ledige den siste månaden, medan det er blitt kring 1700 færre i Vestland. I Møre og Romsdal er no 3,1 prosent av arbeidsstokken heilt ledige, medan 3,6 prosent er heilt ledige i Vestland.

700 ledige i reiseliv og transport

I begge fylka er det dei som jobbar innan reiseliv og transport som er hardast ramma, slik NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal .
I Møre og Romsdal er det no registrert 700 ledige i desse bransjane, medan det også er mange ledige innan serviceyrke og anna arbeid (519) og meglarar og konsulentar (513).
Også i Vestland fylke er det fleste ledige innan reiseliv og transport (1.880), serviceyrke (1.322) og butikk- og salsarbeid (1.295).

Færre nye stillingar

Samtidig viser ei oversikt at det er få ledige stillingar til dei som no går ledige i reiseliv og transport. 168 ledige stillingar blei utlyst i desse bransjane i september, som er langt færre enn på same tid i fjor.
Talet på utlyste stillingar totalt har også gått ned. Frå januar til september var det i fjor utlyst 13.499 nye stillingar, medan det i same periode i år var 11.929.
– Vi ser at medan landet var nedstengt, var det færre utlyste stillingar, men ser ein på heile året er ikkje nedgangen på meir enn drygt 10 prosent, seier NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal i ei .

Langtidsledige dobla i Vestland

I Vestland fylke er det no fleire som har gått ledig lenge.
Om ein legg saman talet på heilt ledige og delvis ledige i Vestland som er langtids arbeidssøkarar, er det nær ein dobling på berre ein månad.
I august var talet på heilt og delvis ledige som har vore ledig i 26 veker eller meir, om lag 7.500, medan det i september er over 14.000.
– Det er dette vi har frykta, og er bekymra for. Sjølv om ein del av dei langtidsledige er permitterte veit vi også at fleire av disse kan ende opp med å miste jobben. Når verksemdene etter kvart ikkje lenger drar nytte av tiltakspakkene dei har fått i samband med koronasituasjonen, kan resultatet vere at dei må seie opp dei permitterte ,seier NAV-direktør Anne Kverneland Bogsnes i Vestland i ei .

Les også:



Sjølv om ein del av dei langtidsledige er permitterte veit vi også at fleire av disse kan ende opp med å miste jobben

Publisert: 02.10.2020 13:02

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:22