O Ekning paa Vigra
VIGRA: Ny auke i reisande over Ålesund lufthamn Vigra, men ein ligg framleis bak nivået før pandemien. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Nytt hopp - men framleis bak førpandemitid

Flytrafikken aukar, men det er framleis eit stykke opp til nivået før pandemien.

11.10.2022

Avinor sine tal for september viser at det over Ålesund lufthamn Vigra reiste 93.105 passasjerar i september. Det er ein auke på 43 prosent samanlikna med same månad i 2021.

Samanlikna med det siste normalåret før pandemien i 2019, er det i september 2022 ein reduksjon på 13 prosent i antal passasjerar.

Totalt landa og letta det 1.793 fly på Vigra i september, som er ein auke på 9 prosent samanlikna med september i fjor.

På årsbasis har det reist 680.068 passasjerar over Vigra, ein auke på 129 prosent samanlikna med i fjor.

Opp over alt
Over Molde lufthamn Årø reiste det i september 34.611 passasjerar, ein auke på 36 prosent samanlikna med same månad i fjor. På årsbasis er auken på 115 prosent til 256.115 passasjerar.

Kvernberget i Kristiansund hadde på sin side ein auke på 46 prosent i september, til 27.594 passasjerar. Auken på årsbasis er på 115 prosent til 251.115 passasjerar, men her har Flyr no vedtatt å kutte ut fleire ruter.

Over Ørsta Volda lufthamn Hovden reiste det i september 9.838 passasjerar, 36 prosent fleire enn i september i fjor. På årsbasis er auken på 57 prosent, til 74.862 passasjerar.

Anda lufthamn på Sandane hadde ein vekst i september på 24 prosent, til 4.468 passasjerar. Veksten på årsbasis er på 67 prosent, til 30.313 passasjerar.

Endra reisevanar
Totalt reiste 4,5 millionar passasjerar via Avinors lufthamner i september. Dermed har trafikken auka med 62 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Likevel var innanlandstrafikken framleis 4 prosent under same månad i 2019, medan utanlandstrafikken må auke med 19 prosent før han når 2019-nivået.

Fleire digitale møte har ført til færre forretningsreiser og ein høgare del feriereiser innanlands enn før, ifølgje direktør Gaute Skallerud Riise for trafikkutvikling i Avinor.

– Vi ser at reisevanane har endra seg spesielt blant forretningsreisande, og dette påverkar reisemønsteret på innland. Ein større del av reisene finn no stad rundt helgane, seier Skallerud Riise.

Ny verdssituasjon
At færre reiser med fly internasjonalt enn før kan primært ha samanheng med verdssituasjonen, trur han.

– Utanlandsmarknaden er nok meir påverka av geopolitiske faktorar som krigen i Ukraina og høge drivstoffprisar, som dreg talet på passasjerar ned, seier Skallerud Riise.

Dessutan trur han at den generelle prisveksten på mellom anna mat og straum kan ha noko å seie.

Publisert: 11.10.2022 10:18

Sist oppdatert: 11.10.2022 10:49

Mer om