Flytrafikken rett opp - men så kom omikrom
Flytrafikken auka kraftig i november. Men så kom omikrom-viruset, og veksten flata ut.
– Vi har sett ein kraftig auke når det gjeld reisande til utlandet, noko som heng tydeleg saman med at dei globale reiseråda blei oppheva 1. oktober og nordmenn igjen våga seg til utlandet dei to påfølgjande månadene, seier direktør for trafikkutvikling i Avinor, Gaute Skallerud Riise, i ei pressemelding.
Men i starten av desember har trenden snudd.
- I stor grad knyter dette seg til innføring av nye restriksjonar i samfunnet grunna aukande smitte og usikkerheit rundt omikron-varianten.
- Korleis dette vil påvirke trafikken framover avheng nok i stor grad av avklaringar rundt omikron og smittetrykket i samfunnet, seier Riise.
Stort hopp på Vigra
Ålesund lufthamn Vigra opplevde stor vekst i november. Då reiste 68.070 passasjerar over flyplassen, ein auke på heile 216 prosent samanlikna med november 2020.
Lufthamnsjef Tor Hånde opplyser at passasjermengda framleis er litt under nivået frå før pandemien.
- Samanlikna med november 2019 er antal passasjerar i november 26 prosent lavere, men avstanden til 2019 har blitt redusert for kvar månad i haust.
Størst auke på utland
Samanlikna med 2020 er veksten størst i utlandstrafikken,
som auka med nesten 500 prosent i forhold til november i fjor. 9.935 passasjerar
reiste til og frå utlandet i november med rutene til Gdansk, Amsterdam, og
Kaunas, samt chartertilbodet til Gran Canaria.
- Størst vekst ser vi i den internasjonale trafikken. Passasjertrafikken til utlandet er nesten ni gangar så stor som i november i fjor, med ein auke på 786 prosent, seier Hånde.
Opp på Årø, Hovden og Anda
Også Åre lufthamn i Molde hadde stor auke. Her reiste 26.103 passasjerar i november, ein auke på 188 prosent frå november i fjor.
På årsbasis er det reist 171.888 passasjerar over Årø, som er 0,5 prosent færre enn etter elleve månader i fjor.
Ørsta -Volda lufthamn Hovden hadde også stor vekst. Her reiste 8.580 passasjerar i november, ein auke på 156 prosent samanlikna med november i fjor. Totalt har det her reist 65.713 passasjerar hittil i år, 21 posent fleire enn etter elleve månader i fjor.
Anda lufthamn på Sandane hadde ein vekst på 126 prosent i november, til 2.715 passasjerar. Hittil i år har det her reist 24.384 passasjerar, 24 prosent fleire enn på same tid i fjor.
Publisert: 10.12.2021 10:05
Sist oppdatert: 10.12.2021 10:57