Drakk alkohol og køyrde båt
Sula-mann dømd til betinga fengsel, til å betale bot og får eitt års køyreforbod.
I juni i fjor deltok ein mann frå Sula i eit festleg lag i Langevåg. Han kom dit med sin fritidsbåt.
Om kvelden blåste det opp, og mannen bestemte seg for å flytte båten til ein sikrare plass, trass i at han hadde drukke både rosévin og cognac.
Då mannen bakka båten ut frå båtplassen, støytte båten bort i noko. Motoren gjekk i naudmodus. Servopumpa hadde streika, men mannen fekk start på motoren igjen.
Vart møtt av politiet
Sjølv med bistand, klarde ikkje mannen å leggje til, så han bestemte seg for å køyre båten tilbake til eiga brygge. Der vart han møtt av politiet.
Promilleprøva viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,88 promille.
No er mannen dømd til 24 dagar betinga fengsel med ei prøvetid på to år for å ha brote Småbotlova.
Tilståingsdom
Han må betale 20.000 kroner til statskassa, og vert ilagt køyreforbod for fritidsbåt i eitt år.
I domen viser tingretten i Ålesund til at Høgsterett har uttalt at føring av fritidsbåt med promille over 2,0 normalt skal gi ubetinga fengsel. Sula-mannen var litt under denne grensa.
Domen i tingretten vart gjort ved tilståingsdom.
Publisert: 01.04.2022 09:44
Sist oppdatert: 01.04.2022 12:58