Flytta heim og skapte sin eigen arbeidsplass
SELJE: Blåmyra-kvinnene er klare, frå venstre Maria Vengen, Therese Lien Smenes og Sunniva Djupedal.
Nytt

Flytta heim og skapte sin eigen arbeidsplass

Alle tre flytta heim til Selje med ein draum om å byggje si eiga bedrift og løfte fram kysten. Resultatet vart designstudioet Blåmyra.

02.09.2019
- Blåmyra er eitt av fleire norrøne namn på havet. På same måten som dei gamle sjøfararane som kryssa det blå djupet, er vi eventyrlystne og vil gjerne utforske det som skjuler seg bak horisonten.
- Og vi er slett ikkje redde for det ukjende.
Det seier Sunniva Djupedal, som saman med Therese Lien Smenes og Maria Vengen har laga sin eigen arbeidsplass midt i Selje sentrum. Her leiger dei det over 100 år gamle Hovehuset.

Kystkvinner

Men det starta med at dei var involverte i ulike arrangement og prosjekt etter at dei kom heim, og byrja å snakke om at det hadde vore spennande å gjere noko saman.
- Vi brenn alle for kysten, og fann fort tonen saman. Vi er alle inspirerte av kystkvinnene, seier Therese Lien Smenes.
- Eg gler meg. Vi er alt i gang med spennande prosjekt, seier Maria Vengen.

Oppdrag for New York Times

Dei tre har ulik bakgrunn, men har det til felles at dei har budd vekke frå Selje, men har valt å flytte tilbake til Selje og Stad.
Sunniva Djupedal er utdanna grafisk designar, og har 15 års bakgrunn i strategisk design og utvikling av visuelle identitetar, blant anna som senior designar ved byrå som ANTI, Scandinavian Design Group og Tank i Oslo.
Fem år budde ho i New York, og hadde blant anna designoppdrag som Art Director ved New York Times.
No bur ho saman med familien på Stad.
- Det er ikkje så langt frå New York til Stad som ein skulle tru. Begge stader har sin heilt spesielle identitet, seier ho.

Positiv utvikling

Therese Lien Smenes har budd i Oslo, Bergen og Ålesund, men flytta saman med familien heim til Selje for åtte år sidan.
Ho er utdanna innan marknadsføring og prosjektleiing og vore involvert i ei rekkje prosjekt, mange knytte til reiseliv, slik som planane om nytt havhotell i Selje.
- Det skjer utruleg mykje spennande i regionen, og det er inspirerande å få vere med på å bidra til denne positive utviklinga.
Også Maria Vengen søkte seg heim etter nokre år i utlegd. Ho er utdanna språkvitar, og har blant anna vore dagleg leiar i Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad, som har koordinert reiselivsaktiviteten i Selje kommune.
- Utruleg spennande, men no var tida inne til å skape noko sjølv, seier ho.

Stor breidde

Dei tre meiner at dei fyller dei fleste oppgåver, med ein grafisk designar og strategisk rådgjevar, ein språkvitar og tekstforfattar, samt ein prosjektleiar og kundekontakt.
- Og om vi treng ekstra spisskompetanse, finst det nær oss.
Dei reklamerer med at dei kan ta på seg alt frå konseptutvikling, namneprosess og innhaldsproduksjon, til visuell identitet, digitale løysingar og gjennomføring av aktivitetar og arrangement.
- Vi kjem også etter kvart til å utvikle våre eigne produkt, seier Sunniva Djupedal.

Berekraft

Ho viser til at det er ein fordel med ein liten, men smidig organisasjon.
- Vi kan ta på oss eit stort spekter av oppdrag, og ønsker å skape ein meirverdi for dei bedriftene og organisasjonane vi representerer.
- I tillegg er vi opptatt av berekraft, og vil rådgje våre kundar til å gå for framtidsretta, miljøvenlege og berekraftige løysingar.
Dei tre kystkvinnene starta opp designstudioet rett etter sommaren. Dei har alt fått sine første oppdrag, spesielt knytt til konseptutvikling for Selje kommune.
Therese Lien Smenes seier at ein håper å få kundar langt utanom Selje og nye Stadt kommune.
- Vi tenker både oppover og nedover langs kysten, i tillegg til inn i fjordane.
- Vi er klare!
Vi tenker både oppover og nedover langs kysten, i tillegg til inn i fjordane

Publisert: 02.09.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38