Tyo Automation Ålesund har lagt eit rekordår bak seg og er i gang ned eit nytt, målt i inntekt og har også snudd frå minus til pluss.
Selskapet levererr automatiserimg- og robotanlegg til industribedriften. No er det 17 tilsette i selskapet- Tre er tilsett i år, ogh bedrifta skal ha fleire. Med flyttinga er det blitt lettare.
– Vi sleit med å rekruttere inne på Skodje, seier dagleg leiar Mathias Sandnes.
I år tok selskapet i bruk si nye adressa i stillingsannonsen, og då vart rekrutteringsproblemet langt på veg løyst, ifølgje Sandnes.
Kortare veg, nær NTNU
Sandvik seier selskapet har tilsette som bur på Vigra og før hadde 50 minutts reiseveg for å kome fram. No er den halvert.
Plasseringa i Breivika gjer at fleire potensielle arbeidstakarar bur nærare bedrifta. I tillegg til at det er snakk om fleire ingeniørstillingar er det også ein fordel å ha kome nærare NTNU i Ålesund, seier han.
Tyo Automation Ålesund heitte tidlegare GJ Machine, men skifta namn i fjor etter at største aksjonær, Stavanger Investering, auka sin eigarandel. Då vart Tyo Automation Ålesund eit søsterselskap i Tyo Automation saman med to andre selskap.
Siktar mot 60 millionar
Tyo Automatinon Ålesund hadde 30,4 millionar kroner i driftsinntekt og minus 3,2 millionar kroner i resultat før skatt.
I fjor auka driftsinntekta med omlag 50 prosent, som tilsvarar ei auke opp til omlag 45 millionar kroner. Selskapet gjekk også med overskot, ifølgje ei pressemelding.
I år er målet å passere 60 millionar kroner i driftsinntekt, og ha ein lønsam vekst.
Publisert: 20.03.2025 15:52
Sist oppdatert: 20.03.2025 16:19