Flyttesjau i Tussa og Moerenett
NEDSTEMT: Ørsta-ordførar Stein Aam (til høgre, mot kamera) ville ikkje ha flytting av Mørenett-basen frå Ørsta, men vart nedstemt på ei sju minutt lang generalforsamling i fjor haust.
Nytt

Flyttesjau i Tussa og Mørenett

Tilsette i Tussa og Mørenett byttar kontorplassar.

26.02.2018
Rundt 20 tilsette i Tussa-selskapet Tussa 24 flyttar arbeidsplassen frå Dargsund i Herøy til Hovdebygda i Ørsta. Samstundes flyttar omlag 30 kontortilsette i Mørenett arbeidsplassen sin motsett veg.

Storparten av flyttesjauen skal vere ferdig etter påske seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa.

Vedtok flytting

Ei sju minutt lang ekstraordinær generalforsamling i Tussa sa i september i fjor ja til Mørenett-administrasjonen sitt framlegg om å samle basen sin for søre Sunnmøre på anlegget i Dragsund. Ørsta kommune, som er største aksjonær i Tussa, stemte mot, men fekk fleirtalet mot seg.
Mørenett er resultatet av at Tussa og Tafjord Kraft slo saman nettselskapa sine, og avtalen mellom selskapa gjorde at Tussa-aksjonærane hadde det siste ordet i lokalisering av nettselskaps-basen.
Det er dei rundt kontortilsette i Mørenett som blir berørt av flyttinga, medan montørane skal møte direkte der dei jobbar.

Publisert: 26.02.2018 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18