Dimo på Hareid auka inntektene endå eit hakk i 2024, som enda på 179 millionar kroner.
Også overskotet auka i fjor, samanlikna med året før, viser rekneskapen som nyleg blei offentleg (sjå tabell under).
| Dimo AS | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 179,7 | 176 |
| Driftsresultat | 19,5 | 13,8 |
| Resultat før skatt | 16,5 | 12,3 |
I årsmeldinga skriv styret at omsetninga likevel vart lågare enn venta, grunna svikt i oppdrettsmarknaden i kjølvatnet av lakseskatten. Samtidig har det vore ei dreiing i type fartøy som blir bygd ved norske verft, mellom anna færre fiskefartøy.
Høgt nivå på bestillingar av skip i offshore og energi-segmentet, servicebåtar til havbruk og ferjer, gjer at marknadsutsiktene generelt likevel er gode.
Hareid-bedrifta har hatt stødig vekst og gode overskott i ei årrekke. Det har også gitt rom for solide utbytter til eigarane.
Etter at det ikkje vart teke utbytte i 2023, vart det sett av 11,25 millionar etter 2024 – det største som er bokført for selskapet.
Frå 2020 til og med i fjor, er det teke utbytte på 31,25 millionar kroner til saman frå selskapet.
Dimo har seks eigarar frå lokalmiljøet: Dagleg leiar Stian Garnes, Asbjørn Pilskog, Harry Magnus Tingvoll, Joar Øvrelid, Sigurd Olav Liavåg og Ingrid Dybhavn/Nils Petter Haddal.
Publisert: 26.06.2025 10:44
Sist oppdatert: 26.06.2025 10:44






