Folketalet aukar i Sula Heroey og A Alesund
VEKST: Det bur no 66.285 innbyggjarar i nye Ålesund kommune, ein auke på 27 i siste kvartal.
Nytt

Folketalet aukar i Sula, Herøy og Ålesund

Vekst også for Giske, Stryn og Stad. Resten har nedgang.

25.05.2020
Folketalet gjekk ned med 78 personar i Møre og Romsdal i første kvartal, til totalt 265.160 innbyggjarar.
I Vestland fylke var det derimot ein auke på 679 personar, til 637.210 innbyggjarar.
I heile landet auka folketalet med 4.800. Dermed var det 5.372.355 som budde i landet ved slutten av kvartalet.

Lavaste sidan 2001

Trass auken, er dette den minste auken på eitt kvartal sidan første kvartal 2001. Dette viser dei nyaste kvartalstala frå SSB i
Det vart fødd 13.000 born i første kvartal, og det døde 10.800 personar. Dette gjev eit på 2.200. Talet på fødde i første kvartal har minka jamt dei siste 20 åra, medan talet på døde har variert mellom 10 000 og 12 000 i same perioden. Resultatet er at fødselsoverskotet har minka dei seinare åra, men endringane er ikkje store.
Den låge folkeveksten i første kvartal skuldast altså ikkje at fødselsoverskot var spesielt lite, men at var den lågaste i eit første kvartal sidan 2001.
Fylka Innlandet, Nordland og Møre og Romsdal hadde alle minkande folketal i første kvartal. Også Viken hadde ein klart mindre auke enn det som har vore vanleg dei føregåande kvartala.
Klart størst var nedgangen i Innlandet, der folketalet minka med nærare 600 i løpet av kvartalet. Fylket hadde både fødselsunderskot og netto utflytting.

Sula veks - Sande minkar

I alt 176 av landets 356 kommunar hadde minkande folketal i første kvartal.
Av dei 17 kommunane på Nordvestlandet, var det seks som hadde auka, resten hadde nedgang.
Størst prosentvis auke hadde Sula kommune med 27, og Herøy kommune med 25.
Auke hadde også Ålesund (27), Stad (11), Stryn (9) og Giske (10).
Største prosentvis nedgang hadde Sande kommune med 18. Nabokommunane Sykkylven og Stryn minkar også i folketal (sjå tabell)

Færre innvandrar

Totalt innvandra 10.500 personar til Noreg i første kvartal i år. Dette er 1.800 færre enn i same kvartalet i fjor.
9.000 av innvandrarane i første kvartal hadde utanlandsk statsborgarskap. Den største gruppa er dei med statsborgarskap frå Polen, nærast følgt av dei frå Litauen, Sverige og India.

Publisert: 25.05.2020 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57