Folketalet veks rundt A Alesund
VEKST: Ålesund auka med 112 innbyggjarar i fjerde kvartal 2019.
Nytt

Folketalet veks rundt Ålesund

Folketalet i Ålesund auka med 112 i siste kvartal  fjor, men prosentvis er det størst vekst i Skodje og Sula. Giske veks også.

27.02.2020
Totalt var det ved årsskiftet 48 650 innbyggjarar i Ålesund, ein auke på 112 frå kvartalet før, og der nettoinnflyttinga var på 98.
Dette viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.
I heile fylket auka folketalet berre med 98 i fjerde kvartal, til totalt 265 638 innbyggjarar.
Fleire kommunar rundt Ålesund har vekst. Skodje auka med 23 til 4 779, medan Sula auka med 21 til 9 310.
Giske auka også, men berre med ni til 8 461, medan Haram auka med tre til 9 352.
Ørskog måtte derimot finne seg i ein nedgang på tre til 2 254.

Pluss i Volda, Ørsta og Hareid

Andre kommunar med vekst er Hareid som auka folketalet med 15 til 5 175, samt Volda som auka med 16 til 9 207.
Prosentvis vaks Norddal kraftig med fem nye innbyggjarar, og totalt 1 612.
Dei andre kommunane har ein liten nedgang. Størst nedgang i antal har Herøy med elleve i minus til 8 900, medan Ulstein hadde minus elleve til 8 571. Ulstein merkar seg elles ut med ei nettoutflytting på 23.

Optimistisk ordførar

I Nordfjord minkar folketalet i Selje med 20 ti 2 729, medan Gloppen aukar med sju til 5 854.
I ei pressemelding frå ordførar Alfred Bjørlo i nye Stad kommune viser han til at samla sett for året var Sogndal, Førde og Eid dei tre kommunan med størst folketalsvekst i 2019.
- Tala syner at det er mulig å skape vekst også i distrikts-Noreg. Den positive utviklinga i Eid dei siste åra skal vi no ta med oss vidare inn i nye Stad kommune, seier tidlegare ordførar i Eid og no ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V).
Folketalet i Eid vaks med 44 personar i det siste året i kommunen si historie, frå 6151 til 6195 innbyggjarar.
- Eid har lagt stor vekt på å legge til rette for ny bustadbygging og tilflytting, og å byggje opp eit sterkt og attraktivt sentrum der det for tida er stor byggeaktivitet med nye leilegheiter. Dette er ein suksessfaktor for vekst, seier Alfred Bjørlo.
Folketalet i nye Stad kommune er pr 1.1.2020 på 9457 innbyggjarar. Dette er summen av folketalet i tidlegare Eid og Selje kommunar, pluss Bryggja krins i tidlegare Vågsøy kommune.

Låge fødselstal

Folketalet i Noreg auka med 39.400 i fjor. Ved inngangen av 2020 budde det 5.367.580 personar her i landet.
Det vart født 54.500 barn i Noreg i 2019, det er 600 færre enn i 2018, som var det lågaste fødselstalet på mange år.
Talet på fødde i Noreg har falle kvart år dei siste åra. I 2017 vart det fødd 56.600 barn, medan det kom 60.500 barn til verda i Noreg i 2016.
Nettoinnvandringa var i fjor på 25.300, medan fødselsoverskotet var på 13.800, viser tal la fram måndag. Nettoinnvandringa til Noreg har vore høgare enn fødselsoverskotet kvart einaste år sidan 2005.
Gjennomsnittsalderen her til lands er no på 40,5 år. Folkeveksten varierer mykje rundt om i landet. I fem fylke og 235 kommunar gjekk folketalet ned.
Dette gjeld mellom anna for 74 av dei 87 nordnorske kommunane.
Folketalet gjekk ned i fem fylke i fjor. Dette gjelder dei tre nordnorske fylka, og dessutan Oppland og Sogn og Fjordane.
Finnmark: – 393
Troms: – 600
Nordland: – 912
Trøndelag: +3.079
Møre og Romsdal: + 246
Sogn og Fjordane: – 208
Hordaland: + 3.634
Rogaland: + 4.237
Vest-Agder: + 1.371
Aust-Agder: + 618
Telemark: + 37
Vestfold: + 1.591
Buskerud: + 2.188
Oppland: – 180
Hedmark: + 514
Oslo: + 12.420
Akershus: + 9.134
Østfold: + 2.592
Landet totalt: + 39.368

Publisert: 27.02.2020 14:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53