Havila Shipping sitt forsyningsfartøy Havila Clipper er leigd ut til Equinor på ei seksmånadarskontrakt. Avtalen er ein forlenging av eksisterande kontrakt, skriv Havila Shipping i ei børsmelding.
I tillegg har Equinor opsjonavtalar om kunne leige fartøyet i ytterlegeer to pluss to månadar.
Ratehopp
Havila Clipper har gått på kortvarige kontrakter for Equinor sidan oktober i fjor. Når fartøyet i andre halvdel av februar går over på ei fast og langvarig kontrakt vil 14 av dei 17 offshorefartøya Havila Shipping driv vere på faste kontraktar og tre i spotmarknaden seier Havila Shipping-sjef Njål Sævik.
Han vil ikkje talfeste kva rate Havila Clipper får i den nye avtalen med Equinor, ut over at det er ei rate reiarlaget oppfattar som god. Den ligg over innteninga reiarlaget har hatt på fartøyet i vinter og gjenspeglar forventningane til marknaden sommaren 2023.
Kurshopp
For 12 månadar sidan var aksjekursen i Havila Shipping under fire kroner aksjen.
19. juni 2022 var kursen oppe i 28,7 kroner, løfta av ein sommar der offshorreiarane fekk rater dei ikkje hadde sett maken til på mange år.
I slutten av september var kursen ned under åtte kroner - etter at begeistringar over sommarsesongen hadde gitt seg - før den på ny byrja å stige. Før børsopning i dag er kursen 19,98 kroner aksjen.
Publisert: 15.02.2023 08:31
Sist oppdatert: 15.02.2023 08:49