Nytt
Forseinka hyttesal
Gamle avtalar forseinka Sparebank1 Søre Sunnmøre sitt hyttesal på Bondalseidet.
30.11.2018
Etter konkursen i Bondalseidet Hytteutvikling i november 2017 håpa storkreditoren Sparebank1 Søre Sunnmøre å kome kjapt i gang med å tomtesalet.
Men opprydding i avtalar med dei tidlegare grunneigarane gjer at banken no reknar med å kome i gang på vårparten 2019.
Det er den avtalen banken no arbeider med å kome ut av, ved å tilby grunneigarane at dei blir kjøpt ut av avtalen no i staden for å vente på tomtesal.
Arbeidet er tidkrevande mellom anna fordi det er snakk om fleire grunneigarar og også etterkomarar av grunneigarar som inngjekk avtalen, i følgje administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Banken har erfaring frå eit anna frittidsbustads-prosjekt, på Standalseeidet i Ørsta, der banken tok over etter dei tidlegare eigarane og reduserte prisen. Der er det i dag berre eit fåtal tomter att, i følgje Brautaset.
Før konkursen opplyste Bondalseidet Hytteutvikling at selskapet hadde minst 15 ledige tomter ved skitrekket på Bondalseidet og 15-20 ledige tomter på motsett side av riksvegen.
Men opprydding i avtalar med dei tidlegare grunneigarane gjer at banken no reknar med å kome i gang på vårparten 2019.
Andel av salet
Bakgrunnen for utsetjinga er at dei opphavlege grunneigarane ikkje fekk full betaling då tomtene blei kjøpt av Bondalseidet Hytteutvikling. I staden fekk dei ein avtale om at dei skulle få ein andel av salssummen når tomtene blei selde.Det er den avtalen banken no arbeider med å kome ut av, ved å tilby grunneigarane at dei blir kjøpt ut av avtalen no i staden for å vente på tomtesal.
Arbeidet er tidkrevande mellom anna fordi det er snakk om fleire grunneigarar og også etterkomarar av grunneigarar som inngjekk avtalen, i følgje administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Rabatt
Planen til banken er å selje hyttetomter med rabatt i høve til dei prisane Bondalseidet Hytteutvikling ville ha.Banken har erfaring frå eit anna frittidsbustads-prosjekt, på Standalseeidet i Ørsta, der banken tok over etter dei tidlegare eigarane og reduserte prisen. Der er det i dag berre eit fåtal tomter att, i følgje Brautaset.
Før konkursen opplyste Bondalseidet Hytteutvikling at selskapet hadde minst 15 ledige tomter ved skitrekket på Bondalseidet og 15-20 ledige tomter på motsett side av riksvegen.
Publisert: 30.11.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28