Forseinking for eldrift paa Hareid Sulesund
SNART ELDRIFT: Forseinkingar førte til at Suløy-ferja ikkje fekk lade for første gong i helga. No blir første turen på eldrift tidlegast komande helg. 
Nytt

Forseinking for eldrift på Hareid-Sulesund

Den første testturen med eldrift på Hareid-Sulesund skjer tidlegast til helga.

Marius Rosbach
25.11.2019
NETT NO omtala planane til Fjord1 om å på Hareid-Sulesund-sambandet i helga, slik at ferja kunne ta den første testturen med eldrift.
Måndag opplyser prosjektleiar Terje Seljestokken til NETT NO at forseinkingar hos ein underleverandør førte til at den første ladinga er utsett til komande helg.
I løpet av veka er det for lite «stilletid» for fartøyet, til at ein får gjennomført det arbeidet som skal til.
Seljestokken reknar med at alle tre ferjene på Sulesund-Hareid vil ha elektrisk framdrift først ved utgangen av februar.
På sambandet Magerholm-Sykkylven der reiarlaget førre veke , er det truleg slutt på rein dieseldrift i løpet av våren.
I 2017 hadde Fjord1 to elferjer i drift. Innan det neste året vil reiarlaget ha 36 elferjer på vatnet.

Les også:


Fjord 1-sjefen:


Publisert: 25.11.2019 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45