(NPK-NTB-NETT.NO): Framstegspartiet angrip den foreslåtte reduksjonen i nettolønnsordninga for sjøfolk, men statsministeren forsvarer budsjettkuttet.
– Det er vanskeleg å få auge på bidraget til regjeringa for å avhjelpe den situasjonen maritim næring står i, sa Frp-leiar Siv Jensen i Stortingets munnlege spørjetime onsdag.
– Kvifor følgjer ikkje statsministeren opp si eiga plattform? ville ho vite.
I regjeringsforslaget til statsbudsjett vart det foreslått å kutte i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk frå 216.000 til 200.000 kroner.
– Eg er for ei nettolønnsordning, men vi må setje ei avgrensing på kor mykje vi kan gjere for kvar enkelt arbeidsplass, seier ho.
Ho viser til at regjeringa subsidierer kvar enkelt arbeidsplass som fell inn under denne ordninga, med 200.000 kroner.
– No må vi sette vår litt til opposisjonen. Her har vi fått signal om at dei vil bakke oss opp på ein heilt anna måte, sa Ingjerd.
Frp sin forhandlingsleiar Sylvi Listhaug sa seinare same dag at eit slikt kutt ikkje var akseptabelt for Framstegspartiet.
(©NPK)
– Det er vanskeleg å få auge på bidraget til regjeringa for å avhjelpe den situasjonen maritim næring står i, sa Frp-leiar Siv Jensen i Stortingets munnlege spørjetime onsdag.
– Kvifor følgjer ikkje statsministeren opp si eiga plattform? ville ho vite.
I regjeringsforslaget til statsbudsjett vart det foreslått å kutte i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk frå 216.000 til 200.000 kroner.
– Må setje ei avgrensing
Statsminister Erna Solberg (H) meiner regjeringa vidarefører eit «veldig høgt nivå» i nettolønnsordninga.– Eg er for ei nettolønnsordning, men vi må setje ei avgrensing på kor mykje vi kan gjere for kvar enkelt arbeidsplass, seier ho.
Ho viser til at regjeringa subsidierer kvar enkelt arbeidsplass som fell inn under denne ordninga, med 200.000 kroner.
Negative reaksjonar
Reaksjonane til endring i nettolønnsordninga har vore negative på Nordvestlandet. Dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest, opplyste til NETT NO då budsjettet blei lagt fram at forslaget ville forverre krisa for den maritime næringa.– No må vi sette vår litt til opposisjonen. Her har vi fått signal om at dei vil bakke oss opp på ein heilt anna måte, sa Ingjerd.
Frp sin forhandlingsleiar Sylvi Listhaug sa seinare same dag at eit slikt kutt ikkje var akseptabelt for Framstegspartiet.
(©NPK)
Publisert: 14.10.2020 11:29
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:49