Fortalde korleis Odin berga yrkeslinje
LÆRLING STARTA KAMPEN: Lærling Odin Furnes (nr. 2. f.v.) tok kontakt med leiinga i MMC First Process då linja han gjekk på, stod i fare for å bli lagt ned, fortalde Petter Leon Fauske (innfelt) under Haramskonferansen.
Nytt

Fortalde korleis Odin berga yrkeslinje

MMC First Process-sjefen viste i praksis korleis kort veg frå golvet til sjefskontoret sikra bedrifta kunnskap og fagfolk i framtida.

Marius Rosbach
11.02.2020

Fleire hugsar sikkert korleis MMC First Process og fleire kuldebedrifter saman ville sikre framtida til kulde- og varmeteknologilinja ved Haram vidaregåande skule, som stod i fare for å bli lagt ned.

I sitt innlegg under Haramskonferansen fortalde administrerande direktør Petter Leon Fauske i MMC First Process korleis det heile gjekk til.

– Det var Odin, ein av lærlingane våre, som fortalde at han var bekymringa for at utdanninga han gjekk på kunne bli lagt ned, sa Fauske.

Linja blir vidareført
I løpet av få timar hadde bedrifta teke kontakt med konkurrentar som ville vere med å støtte, og NRK og NETT NO som ville omtale saka.

– Fire timar etterpå var vi på riksdekkande media med historia, sa Fauske.

Den førebelse enden på historie, er at linja blir vidareført ved Borgund vidaregåande skule i Ålesund til hausten. Ein er framleis avhengig av nok søkarar, men bedriftene kryssar fingrane for at dei også i framtida skal få rekruttere tilsette frå denne utdanninga.

– Alt dette på grunn av ein oppvakt lærling som tok ansvar for eigen situasjon og utdanninga han gjekk på, påpeika Fauske.

Trekk ved vekstbedrifter
MMC First Process-sjefen var invitert til scena for å snakke om vekstbedrifter. Han meiner opplevinga med lærlingen Odin kan stå som eit døme på det Fauske meiner er fellestrekk ved andre vekstbedrifter i regionen – korte linjer mellom topp og botn.

NHO-president Arvid Moss var også inne på temaet bedriftskultur på Haramskonferansen. Han meiner det er eit område der Norge har eit konkurransefortrinn.

Det var heller ikkje tilfeldig at leiinga i MMC First Process tok saka vidare: – Vi trur at samfunnsansvaret vi tek på oss, er avgjerande, sa Fauske.

Meir om saka: Nesvik støttar kampen for yrkesfaga

– Dette er kritisk kompetanse for fisken vi skal eksportere

Elevar ser ikkje noko galt i sponsing

Starta som gründer i kjellaren
MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske fortalde korleis han kom inn i arbeidslivet i ung alder, i staden for å ta ingeniørstudier. Saman med to andre, starta han etter kvart opp selskapet First Process ved starten av 2000-talet.

Med pågangsmot og optimisme fekk dei sin første kontrakt med eit asiatisk selskap då det kom ein e-post med tittelen: «I want your machine suddenly».

Sidan gjekk det slag i slag med stadig større kontraktar og fleire tilsette. Etter å ha takka nei til andre kjøparar, fusjonerte First Process med Havyard-eigde MMC i 2017.

– No er vi den mest komplette aktøren i bransjen, slo Fauske fast.

Meir frå Haramskonferansen: – Det handler ikke om å velte seg i velstand

Ber misnøgde bedrifter ta kontakt

– Ålesund nord står sterkare

Sterkt lag til Haramskonferansen


Publisert: 11.02.2020 15:35

Sist oppdatert: 05.07.2022 16:25