- Som eldsteguten visste eg tidleg at Steinvik-garden var min. Det var 60 mål innmark og eit fjøs som trong ei store investering, fortel Alex Vassbotten (51) i Høydalsfjorden i Flora kommune.
Vassbotten-familien ønskjer å fortelje historia om garden og næringa og opna visingssenter på Steinvik Fiskefarm i 2011.
- Vi har ei spennande historie og synest vi er gode på å fortelje historia. Vi er ikkje meir blyge enn det, seier Vassbotten.
Steinvik har hatt ein omsetnad på kring 250 millionar kroner siste åra, og solide overskot, med unntak av 2012 som vart eit dårleg år mellom anna på grunn av sjukdom.
No er det nok ikkje heilt tilfeldig at familien har lykkast med oppdrett. Faren Inge Helge (71) var tidleg i gang og fekk fram smolt i eit vatn på eigedommen. Han hadde også kjenningar i Bergen som var tidleg ute med oppdrett.
Alex tok akvakulturutdanning i 1983-84 og gjekk læretida på eit anna anlegg i kommunen, før Steinvik fekk sin første matfiskkonsesjon i 1986.
Senteret er ope i sommarhalvåret og hadde i fjor 800 besøkande, ein stor del skulelevar, men også folk frå området og busslastar med utanlandske turistar.
- Veldig sjeldan, nokre har vel fordommar, men dei fleste som kjem hit er opne og søkande. Dei er interesserte og vil ha meir kunnskap, seier Vassbotten.
Vassbotten synest det er moro å få besøk av utanlandske turistar, som mange gonger ikkje har eit anna forhold til laks og aure enn at det er eit måltid mat.
- Dei stiller gjerne heilt andre spørsmål enn folk her som kjenner til næringa. Utlendingane er ofte veldig interesserte i teknologien på anlegget, fortel han.
- Dette er ikkje anlegg i full drift, men gir ein smakebit på korleis produksjonen føregår, seier Kvistad.
- Det er no også oppretta eit samarbeidsforum for desse anlegga, Forum for visingsanlegg. Dei skal mellom anna utarbeide faktamateriell, slik at alle slepp å gjere same jobben, seier Kvistad.
- Norges Sjømatråd måler haldningsendringar, og omdømmet er bra, både til næringa og produktet. Det er feil at omdømmet er dårleg. Oppdrett står veldig sterkt langs heile kysten, og vi må sørge for at innbyggjarar og politikarar har forståing og aksept for at næringa får utvikle seg vidare, seier Kvistad, talsmann for oppdrettarene sin interesseorganisasjon.
Visingssenter
Så kom oppdrettsnæringa nærast rekande på ei fjøl på 1980-talet - og framtida vart ei heilt anna.Vassbotten-familien ønskjer å fortelje historia om garden og næringa og opna visingssenter på Steinvik Fiskefarm i 2011.
- Vi har ei spennande historie og synest vi er gode på å fortelje historia. Vi er ikkje meir blyge enn det, seier Vassbotten.
Solid butikk
Han er dagleg leiar for Steinvik Fiskefarm med sju matfisk-lokalitetar i Sunnfjord, som han eig saman med faren Inge Helge Vassbotten. Gjennom Bru Eigedom AS er dei medeigarar i to setjefiskanlegg, eit dykkerselskap og lakseeksportøren Seaborn i Bergen.Steinvik har hatt ein omsetnad på kring 250 millionar kroner siste åra, og solide overskot, med unntak av 2012 som vart eit dårleg år mellom anna på grunn av sjukdom.
Arv frå fiskarbonden
"Frå fiskarbonde til moderne oppdrett" har Steinvik Fiskefarm Visingssenter kalla utstillinga si, og Vassbotten tek historia tilbake til farfar Arvid som var smed, fiskar og bonde.No er det nok ikkje heilt tilfeldig at familien har lykkast med oppdrett. Faren Inge Helge (71) var tidleg i gang og fekk fram smolt i eit vatn på eigedommen. Han hadde også kjenningar i Bergen som var tidleg ute med oppdrett.
Alex tok akvakulturutdanning i 1983-84 og gjekk læretida på eit anna anlegg i kommunen, før Steinvik fekk sin første matfiskkonsesjon i 1986.
Omdømebygging
Kunnskapsformidling og omdømebygging for næringa er naturlegvis ein viktig motivasjon for å byggje eit visingssenter.Senteret er ope i sommarhalvåret og hadde i fjor 800 besøkande, ein stor del skulelevar, men også folk frå området og busslastar med utanlandske turistar.
Gründercamp
- I år skal vi ha gründercamp med elevar frå ungdomsskulane i området her. Det er viktig for oss å komme i kontakt med ungdom under utdanning og vise dei mange mulegheitene knytt til næringa, frå å jobbe på anlegg, til brønnbåt eller med produksjon av fiskefôr, sal og veterinær- og laboratorietenester, seier Alex Vassbotten.Vil ha kunnskap
- Kjem det mange som er negative til oppdrett?- Veldig sjeldan, nokre har vel fordommar, men dei fleste som kjem hit er opne og søkande. Dei er interesserte og vil ha meir kunnskap, seier Vassbotten.
Får andre spørsmål
Gjestene får vere med og sjå korleis fisken har det i anlegget, i tillegg til ei utstilling inne i visingsbygget.Vassbotten synest det er moro å få besøk av utanlandske turistar, som mange gonger ikkje har eit anna forhold til laks og aure enn at det er eit måltid mat.
- Dei stiller gjerne heilt andre spørsmål enn folk her som kjenner til næringa. Utlendingane er ofte veldig interesserte i teknologien på anlegget, fortel han.
Gir ein smakebit
Kommunikasjonsdirektør Are Kvistad i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforening (FHL) seier at visingssentra er eit godt bidrag til å auke forståinga for og få meir kunnskap om næringa.- Dette er ikkje anlegg i full drift, men gir ein smakebit på korleis produksjonen føregår, seier Kvistad.
- Det er no også oppretta eit samarbeidsforum for desse anlegga, Forum for visingsanlegg. Dei skal mellom anna utarbeide faktamateriell, slik at alle slepp å gjere same jobben, seier Kvistad.
Står sterkt
- Korleis er haldningane til oppdrett i dag?- Norges Sjømatråd måler haldningsendringar, og omdømmet er bra, både til næringa og produktet. Det er feil at omdømmet er dårleg. Oppdrett står veldig sterkt langs heile kysten, og vi må sørge for at innbyggjarar og politikarar har forståing og aksept for at næringa får utvikle seg vidare, seier Kvistad, talsmann for oppdrettarene sin interesseorganisasjon.
Vi har ei spennande historie og synest vi er gode på å fortelje historia. Vi er ikkje meir blyge enn det
Publisert: 29.01.2014 11:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31