Norsk Sjømat-konsernet med hovudkontor på Stranda fekk eit nytt rekordår i fjor.
Ifølgje rekneskapen for 2024 nådde konsernet ny rekordomsetning på 6,7 milliardar kroner. Også resultatet før skatt på drygt 570 millionar, er det høgaste overskotet dei har hatt (sjå tabell under).
– Vi er godt nøgd med fjoråret, og så langt vi er komne i år, seier Per Magne Grøndahl til Nett No.
Han er konsernsjef og storaksjonær i konsernet saman Bjarte Tunold.
Slit med å skaffe nok folk
Det er likevel utfordringane med å få tak på nok medarbeidarar som opptek Norsk Sjømat-sjefen mest om dagen.
– Sidan påska til no – og spesielt no i sommar – har det vore vanskeleg. Det gjeld heile kysten både på Nordvestlandet og lenger nord, seier Grøndahl.
– Her i regionen har mange frå Polen og dei baltiske landa reist heim, fordi valutaen gjer at det er blitt meir attraktivt med mindre lønnsskilnader. Og lengre nord er det ikkje lengre mogleg å ta inn folk frå Russland, legg han til.
Har auka med over 100 årsverk
Norsk Sjømat-konsernet omfattar både fiskeforedlingsanlegg på Stranda, eigarskap i fiskeri- og fiskeforedlingskonsernet Nergård, og Global Fish - som driv pelagisk industri. Konsernet har óg dotterselskap som vidareforedlar restråstoff frå fiskeindustrien.
I løpet av fjoråret auka konsernet arbeidsstokken til 713 årsverk – ei auke på fleire enn 100 årsverk samanlikna med året før.
Grøndahl skulle gjerne hatt endå fleire i arbeid.
– Per i dag klarar vi ikkje produsere nok ut frå det vi har ordrar på, seier han.
Høge fiskeprisar
At omsetninga til konsernet nådde nye høgder i fjor har naturleg nok samanheng med høgt prisnivå for fisken.
– Det varierer, men dei siste to-tre åra har det vore høge prisar. Og så lenge kvotane på kvitfisk er så låge som no, held prisen seg høg. Og det same gjeld for laks, så lenge det mindre fisk i marknaden enn etterspurnaden, seier Grøndahl.
| Norsk Sjømat (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 6712 | 5433 |
| Driftsresultat | 721 | 547 |
| Resultat før skatt | 570 | 452 |
| *tal for 2023 er justert i tråd med årsmelding for 2024 |
I årsmeldinga skriv styret at det er laga nye samanlikningstal for 2023, etter at Nergård kjøpte seg opp i Global Fish mot slutten av 2023. I desse tala er også sal frå eigne trålarar til eigne anlegg via Norges Råfisklag, blitt eliminert etter ei ny vurdering.
Tek utbytte for å betale formuesskatten
Rekneskapen viser at det blir teke utbytte på 40 millionar. Det meste går til å betale formuesskatten, ifølgje Grøndahl.
– Det er håplaust, og vi må forsøke å få fjerna den skatten, seier han.
– Vi er vorte nøyd til å ta større utbytter for å betale formuesskatten. Det gjer selskapa svakare, men slik er det, konstaterer han.
Sterkare konkurranse frå lågkostland
I årsmeldinga skriv styret at verksemda med å foredle fisken får stadig sterkare konkurranse frå lågkostland. Samtidig forsterkar nye alliansar og partnarskap i bransjen konkurransen på produksjon- og salssida.
Likevel meiner styret at føresetnadene er gode for framtidig inntening og drift for selskapet.
Eigenkapitalen for konsernet var på knappe 3,7 milliardar kroner ved utløpet av 2024. Den langsiktige gjelda var på drygt 2,4 milliardar.
| Norsk Sjømat Stranda AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1678 | 1673 |
| Driftsresultat | 126 | 118 |
| Resultat før skatt | 119 | 118 |
| Nergård AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 4732 | 4065 |
| Driftsresultat | 511 | 280 |
| Resultat før skatt | 370 | 199 |
Publisert: 20.06.2025 14:46
Sist oppdatert: 20.06.2025 14:46






