Forventar godt lønsløft i årets oppgjer
LO forventar at no får arbeidarane litt tilbake. NHO minner om at bedriftene som slit, dei slit veldig.
Under eit webinar i regi av Sparebanken1 SMN onsdag viste LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til at fleire deler av næringslivet no ‘går så det grin’.
- Våre medlemar i denne delen av næringslivet skal så klart ha sin del av kaka, sa Hessen Følsvik.
Ho viste til at det har vore to spesielle år, og trudde fort at det kunne verte eit krevjande oppgjer i år.
- Men det er viktig at også i år er det den konkurranseutsette industrien som set rammene for lønsoppgjeret.
- Vi er opptatt av at vi skal ha levedyktige bedrifter, ikkje minst for å kunne ta steget inn i det grøne skiftet.
Reagerer på koronabonus
LO-leiaren viste samstundes til at det hadde vorte pøst hundrevis av millionar kroner inn i bedriftene for å kompensere for tap under pandemien.
- Vi har vore opptatt av at det skulle vere gode ordningar for bedriftene, men vi har også sett at koronamidlar har gått til bonus, og andre midlar har gått ut av landet.
- På desse områda skulle vi gjerne ha sett avgrensingar.
YS har signalisert at det bør verte eit lønsløft på rundt fem prosent i år.
Hessen Følsvik ville ikkje setje eit tal.
- Representantskapet skal møtast 22. januar. Der bestemmer vi krav og form.
Vi har også sett at koronamidlar har gått til bonus, og andre midlar har gått ut av landet
- Handla for seint
NHO-leiar Ole Erik Almlid sa at for mange av bedriftene hadde det gått bra under pandemien, men han streka under at økonomien har vore todelt.
- Vi må ikkje gløyme at dei bedriftene som har slitt, dei har slitt veldig. Det er snakk om rundt ti prosent av bedriftene.
Han rosa trepartsamarbeidet, og sa at det hadde fungert veldig godt under pandemien.
- Vi har kome oss bra gjennom det.
Han kritiserte likevel den nye regjeringa for å kome for seint i gang med tiltak sist haust, og at det var noko av årsaka at ein fekk ein ny runde med strenge tiltak i år.
- Eg var av dei som var sikker på at vi fekk ei ny runde med smitte sist haust, men etter mitt syn kom regjeringa for seint i gang.
Etter mitt syn vart det overpermitteringar. Inntrykket var at staten tok rekninga uansett
Vedum: - For lett å permittere
Under webinaret rosa også finansminister Trygve Slagsvold Vedum samarbeidet med aktørane i arbeidslivet.
Han sa derimot at han syntest det var for lett å permittere i starten av pandemien.
- Etter mitt syn vart det overpermitteringar. Inntrykket var at staten tok rekninga uansett.
- Det vart for lett å permittere. Det må vi ta lærdom av.
Publisert: 20.01.2022 09:29
Sist oppdatert: 20.01.2022 14:22