Remøy
FOSNAVÅG: Nytt godt år for reketrålaren Remøy og søskena Olav og Kristin Remøy bak Fosnavaag Holding. Foto: Remøy havfiske og Kjetil Haanes
Nytt

Nytt godt år for Fosnavåg-reiarlag

Fangstinntektene auka for Fosnavåg-selskapet, men det gjorde også kostnadene.

22.07.2021

Fosnavåg-baserte Fosnavaag Holding hadde eit nytt godt år i fjor, med ei omsetning på 225,3 millionar kroner og eit resultat før skatt på 34,8 millionar.

Hovudinntektene kjem frå drifta av reketrålaren Remøy gjennom Remøy Havfiske og den pelagiske trålaren Nordsjøbas gjennom Fosnavaag Havfiske. Remøy hadde i fjor eit resultat på 6,9 millionar kroner, medan resultatet for Nordsjøbas var 17,0 millionar kroner.

Totale fangstinntekter kom opp i 225,3 millionar kroner, ein auke frå 182,1 millionar året før.

Samstundes auka kostnadene med 19 millionar kroner til totalt 173,4 millionar.

(saka held fram etter tabellen)

Fosnavaag Holding
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 225,3 221,7
Driftsresultat 51,8 67,3
Resultat før skatt 34,8 42,7

49 årsverk
Selskapet eig også 25 prosent av Coldwater Prawns of Norway.

Totalt er det 49 årsverk i konsernet, der tre er kvinner.

Styret skriv i årsmeldinga for 2020 at ein forventar eit liknande, eller litt dårlegare, resultat for 2021.

Familieselskap
Selskapet har ein samla eigenkapital på 245,2 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 712,6 millionar.

Bak Fosnavaag Holding står søskena Kristin Remøy, Olav Remøy og Beate Remøy Eggesbø, der dei to første eig mest med kvar 40,27 prosent.

Dei kan for 2020 fordele eit utbyte på 8,6 millionar kroner.

Publisert: 22.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 21.07.2021 22:30

Mer om