Frakt av fiskeavskjer er bra butikk
RESULTAT: Asper Malene på veg under Nerlandsøybrua. Båten er delvis vaktbåt, delvis fraktar fiskeavskjer for Asper Sjøfrakt.
Nytt

Frakt av fiskeavskjer er bra butikk

Jetmund Runde i Asper Sjøfrakt vil gjerne byggje nytt, men avventar kva som skjer med hamneutbygginga i Fosnavåg.

20.06.2019
- Vi har Fosnavaag Pelagic som hovudkunde. Om det vert slik at den bedrifta satsar endå meir i Fosnavåg, vil vi vurdere å satse på ein ny båt, seier Runde.
Saman med Håvard Årsheim driv og eig han selskapet, som satsar på frakt av ensiljasje, som i praksis er avskjer av pelagisk fisk som sild og makrell.

- Eit greit år

I fjor sat selskapet att med eit resultat før skatt på 1,9 millionar kroner av ei omsetning på 5,6 millionar.
- Resultatmessig var det eit greit år, seier Runde.
I år har nordsjøsilda lete vente på seg.
- Vi satsar på ein god sesong for makrell og NVG-sild.

Vedde-leveransar

Det er sildemjølfabrikken på Vedde som tek imot ensilasjen, som vert frakta med det ombygde 40 år gamle fiskefartøyet Asper Malene, samt det mindre fraktefartøyet Asper Kristiane.
Runde seier at hamneproblema i Fosnavåg fører til at Asper Malene må ut av hamna når det er inne større ringnotfartøy som leverer til Fosnavaag Pelagic.
- Ja, Asper Malene er 37 meter lang, og må snart gå i ring ute på Holmefjorden når dei større fartøya leverer til Fosnaavaag Pelagic. Slik kan vi ikkje ha det framover.

Får hamnemidlar

Sist veke kom samferdsleminister Jon Georg Dale med lovnad om at Herøy kommune kunne forskottere 108,5 millionar kroner til hamneutbygging, der hamna skal utdjupast og det skal byggjast nye kaier.
- Dette trengst verkeleg, seier Runde.

Asper Sjøfrakt er ein del av Asper Norway-systemet, som i tillegg til ensilasjefrakt også driv med vaktoppdrag.
Vi satsar på ein god sesong for makrell og NVG-sild

Publisert: 20.06.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36