(NPK-NTB-NETT.NO): Tidleg fredag var det framleis inga semje i frontfagsoppgjeret. 28.000 industriarbeidarar ventar på varsel om dei skal gå ut i streik eller ei.
Litt etter klokka ti fredag føremiddag gjentok Fellesforbundet meldinga på sine om at dei meklar på overtid.
Tilsette ved industribedrifter over heile landet - inkludert Nordvestlandet - risikerer å gå ut i streik. Mellom dei som blir råka på Sunnmøre er utstyrsleverandøren Kongsberg Maritime sine avdelingar. Alt frå dei store verfta til Vard, Havyard og Ulstein Verft, i tillegg til mindre verft som Vegsund Slip og Solstrand har mange tilsette som er teke ut til å streike.
Sjå oversikt over dei som er teke ut frå og (eksterne lenker)
Medlemmene i Fellesforbundet og Parat skal møte på jobb som vanleg medan det blir forhandla.
Då riksmeklar Mats Wilhelm Ruland møtte pressa i 23-tida torsdag var han klar på at meklinga var krevjande og at mange tema framleis stod uløyste.
– Streik er eit reelt scenario, men vi er optimistiske, uttalte han.
Både LO-sjef Hans-Christian Gabrielsen og NHO-leiar Ole Erik Almlid slutta seg til meklinga torsdag kveld, men Gabrielsen og nestleiar Peggy Følsvik forlét hotellet i 2.30-tida.
Over 300 arbeidstakarar i kvar av bedriftene Aker Solutions, Kaefer Energy og Bilfinger Industrier i Stavanger vil bli teke ut i ein eventuell streik.
På Raufoss vil Benteler Automotive og Nammo kvar få over 300 tilsette i streik. På Kongsberg blir ramma GKN Aerospace og Kongsberg Defence & Aerospace av eit tilsvarande uttak.
Litt etter klokka ti fredag føremiddag gjentok Fellesforbundet meldinga på sine om at dei meklar på overtid.
Tilsette ved industribedrifter over heile landet - inkludert Nordvestlandet - risikerer å gå ut i streik. Mellom dei som blir råka på Sunnmøre er utstyrsleverandøren Kongsberg Maritime sine avdelingar. Alt frå dei store verfta til Vard, Havyard og Ulstein Verft, i tillegg til mindre verft som Vegsund Slip og Solstrand har mange tilsette som er teke ut til å streike.
Sjå oversikt over dei som er teke ut frå og (eksterne lenker)
På jobb som vanleg
Då meklingsfristen gjekk ut ved midnatt var partane ikkje i mål, men samde om å halde fram samtalane på overtid. Fredag morgon mekla partane framleis og utan teikn til snarleg løysing.Medlemmene i Fellesforbundet og Parat skal møte på jobb som vanleg medan det blir forhandla.
Då riksmeklar Mats Wilhelm Ruland møtte pressa i 23-tida torsdag var han klar på at meklinga var krevjande og at mange tema framleis stod uløyste.
– Streik er eit reelt scenario, men vi er optimistiske, uttalte han.
Henta inn toppane
Det er arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri som forhandlar med fagforbunda Fellesforbundet og Parat i det såkalla frontfaget. Det dei kjem fram til, er vanlegvis retningsgivande for lønnsoppgjeret i andre sektorar. Meklinga føregår på Hotel Opera i Oslo.Både LO-sjef Hans-Christian Gabrielsen og NHO-leiar Ole Erik Almlid slutta seg til meklinga torsdag kveld, men Gabrielsen og nestleiar Peggy Følsvik forlét hotellet i 2.30-tida.
Streik landet rundt
Fosdalen i Verran vil vere den enkeltbedrifta som blir ramma hardast med streikevarsel for 733 tilsette, følgt av Aibel i Haugesund med 649 og Kværner Stord med 592. Ved Kværner Verdal vil 470 arbeidstakarar bli tekne ut.Over 300 arbeidstakarar i kvar av bedriftene Aker Solutions, Kaefer Energy og Bilfinger Industrier i Stavanger vil bli teke ut i ein eventuell streik.
På Raufoss vil Benteler Automotive og Nammo kvar få over 300 tilsette i streik. På Kongsberg blir ramma GKN Aerospace og Kongsberg Defence & Aerospace av eit tilsvarande uttak.
Publisert: 21.08.2020 10:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01