Etter sentrale styresmakter innførte omfattande tiltak for å få bukt med koronasmitten, har dei lokale tingrettane vore stengt for publikum. I hovudsak er saker behandla per telefon eller videomøte.
Samtidig har Skatteetaten ei periode slutta å sende konkurskrav til tingrettane. Det er hovudårsaka til at det den siste månaden har vore færre konkursar enn vanleg, til trass for at pandemien har ført til den mest alvorlege økonomiske nedturen på fleire tiår.
– Vi er framleis tilbakehaldne med å fremme konkurskrav, men vurderer situasjonen fortløpande og prioriterer å behandle søknader om betalingsutsetting frå dei som no er kome i ein vanskeleg situasjon med likviditeten, opplyser divisjonsdirektør Cecilie Solum i Skatteetaten til NETT NO via sin kommunikasjonsavdeling.
Frå den 20. mars blei det likevel gitt ei avgrensa moglegheit til å sende slike krav. Solum opplyser at det gjerast ei fortløpande vurdering av behovet.
Denne veka skulle Sunnmøre tingrett etter planen handsame ei sak mot ein forretningsmann som er . Det mest alvorlege forholdet i saka har ei strafferamme på seks års fengsel. Den er no mellom fleire saker som er utsett på ubestemt tid.
– So langt som mogleg behandlar vi dei fleste type saker digitalt, også straffesaker. Den konkrete saka krev meddommarar, og er ikkje av den type sak som skal prioriterast, fortel Kristi Høegh Bjørneset til NETT NO.
– Politiet ser også på saker der det kan vere snakk om fengsel på vilkår opptil 45 dagar. Då kan dei i staden skrive ut eit førelegg, og om bota blir akseptert, så fell saka vekk, fortel sorenskrivar Bjørneset.
Som følgje av midlertidige lovreglar som gir høve til digital behandling av ulike sakstyper, vil retten fortløpande vurdere behov og kapasitet.
Bjørneset fortel at dei etter planen skal starte opp rettssaker med fysisk oppmøte i mai. Då vil dei framleis vere nøyd til å halde seg til strenge smittevernreglar som blir gitt frå sentrale styresmakter og domstoladministrasjonen.
Sorenskrivar Elisabeth Wiik ved Søre Sunnmøre tingrett fortel at det er mogleg å gjere avtale om å møte opp for enkelte type saker. Det gjeld til dømes verksemder som melder oppbod, eller treng å få utført notarialtenester som ikkje kan vente.
Ho fortel at dei skal ha si første sak med fysisk oppmøte i slutten av neste veke. Ho er nøgd med ordninga med videooverføring som har vore i «unntakstilstanden».
– No er det også lov til å berre bruke telefon. Då får dei involverte velje litt etter kva dei er mest komfortable med. Eg synest det fungerer veldig bra, seier ho.
Tingretten i Volda har lokale både i Skjervavegen og Sjukehusvegen. Wiik fortel at dei vil fordele sakene etter kva lokale som eignar seg best til de ulike sakene.
Samtidig har Skatteetaten ei periode slutta å sende konkurskrav til tingrettane. Det er hovudårsaka til at det den siste månaden har vore færre konkursar enn vanleg, til trass for at pandemien har ført til den mest alvorlege økonomiske nedturen på fleire tiår.
– Vi er framleis tilbakehaldne med å fremme konkurskrav, men vurderer situasjonen fortløpande og prioriterer å behandle søknader om betalingsutsetting frå dei som no er kome i ein vanskeleg situasjon med likviditeten, opplyser divisjonsdirektør Cecilie Solum i Skatteetaten til NETT NO via sin kommunikasjonsavdeling.
Frå den 20. mars blei det likevel gitt ei avgrensa moglegheit til å sende slike krav. Solum opplyser at det gjerast ei fortløpande vurdering av behovet.
Grov svindelsak utsett
Sorenskrivarane Kristi Høegh Bjørneset og Elisabeth Wiik ved høvesvis Sunnmøre og Søre Sunnmøre tingrett fortel til NETT NO at det berre er dei mest naudsynte sakene som er ført for retten dei siste vekene.Denne veka skulle Sunnmøre tingrett etter planen handsame ei sak mot ein forretningsmann som er . Det mest alvorlege forholdet i saka har ei strafferamme på seks års fengsel. Den er no mellom fleire saker som er utsett på ubestemt tid.
– So langt som mogleg behandlar vi dei fleste type saker digitalt, også straffesaker. Den konkrete saka krev meddommarar, og er ikkje av den type sak som skal prioriterast, fortel Kristi Høegh Bjørneset til NETT NO.
Les også:
Startar truleg opp i mai
Når det gjeld straffesaker er det i dag i første rekke straffesaker der den tiltalte er i varetekt, eller er under 18 år som blir prioritert ved Sunnmøre tingrett. Også mellom anna barnevernssaker og saker etter barnelova og psykisk helsevern, er prioritert. I tillegg kjem saker der det vert fremma krav om midlertidig avgjerd.– Politiet ser også på saker der det kan vere snakk om fengsel på vilkår opptil 45 dagar. Då kan dei i staden skrive ut eit førelegg, og om bota blir akseptert, så fell saka vekk, fortel sorenskrivar Bjørneset.
Som følgje av midlertidige lovreglar som gir høve til digital behandling av ulike sakstyper, vil retten fortløpande vurdere behov og kapasitet.
Bjørneset fortel at dei etter planen skal starte opp rettssaker med fysisk oppmøte i mai. Då vil dei framleis vere nøyd til å halde seg til strenge smittevernreglar som blir gitt frå sentrale styresmakter og domstoladministrasjonen.
– Fungerer veldig bra
Sorenskrivar Elisabeth Wiik ved Søre Sunnmøre tingrett fortel at det er mogleg å gjere avtale om å møte opp for enkelte type saker. Det gjeld til dømes verksemder som melder oppbod, eller treng å få utført notarialtenester som ikkje kan vente.
Ho fortel at dei skal ha si første sak med fysisk oppmøte i slutten av neste veke. Ho er nøgd med ordninga med videooverføring som har vore i «unntakstilstanden».
– No er det også lov til å berre bruke telefon. Då får dei involverte velje litt etter kva dei er mest komfortable med. Eg synest det fungerer veldig bra, seier ho.
Tingretten i Volda har lokale både i Skjervavegen og Sjukehusvegen. Wiik fortel at dei vil fordele sakene etter kva lokale som eignar seg best til de ulike sakene.
So langt som mogleg behandlar vi dei fleste type saker digitalt, også straffesaker
Publisert: 16.04.2020 17:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56