Boligprisene i A Alesund mest opp i landet
LENGST LIGGETID: Det tok lengre tid å selje bustader i Ålesund-området i mai, enn andre stader i landet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Framleis tregast sal i Ålesund

Bustadprisane steig meir enn vanleg i mai

Marius Rosbach
03.06.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Bustadprisane steig med 1 prosent i mai, opplyser Eiendom Norge. Bustadprisane er no 11,3 prosent høgare enn for eitt år sidan.

– Bustadprisane i mai steig meir enn normalt for månaden. Unntaket er Oslo, der prisane fall med 0,6 prosent, sa administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge då bustadprisstatistikken vart lagt fram torsdag.

Korrigert for sesongvariasjonar steig prisane med 0,6 prosent.

Lengst liggetid i Ålesund
Gjennom mai har både salet av brukte bustader og talet på nye bustader på marknaden vakse kraftig, og det har aldri vore selt så mange bustader i Noreg etter årets første fem månader, ifølgje Lauridsen.

Lengst tid tok det å selje bustadene i Ålesund, med ein gjennomsnittleg salsperiode på 42 dagar.

Kortast liggetid før sal, var i Oslo og Drammen-området med 17 dagar. Det tok i gjennomsnitt 34 dagar å selje ein bustad i mai månad her til lands.

Sterkare utvikling enn venta
Prisutviklinga i mai er sterkare enn venta, men 12-månadersveksten er likevel på veg ned.

– Ved utgangen av mai ligg vi over 2019, som var det førre rekordåret målt i omsetning. Slik det ser ut no, vil 2021 bli eit rekordår målt i talet på selde bustader. Vi trur den sterke etterspurnaden etter bustad i Noreg vil halde fram, seier Lauridsen.

Lauridsen viser til at det er mange bustader på marknaden, og dessutan at Noregs Bank har varsla ein renteauke i haust.

Frå kjøper til marknaden til seljar
Både meklarar og økonomar spår ei svakare utvikling framover.

– Vi forventar ein betre balanse mellom tilbod og etterspurnad med ei dreiing frå seljars til kjøpars marknad. Dette vil gi ein meir berekraftig bustadmarknad i tida som kjem, seier administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund.

Også Nordea trur bustadprisane nærmar seg toppen.

– Effekten av rentekutta er i stor grad teke ut, samtidig som det er venta at styringsrenta skal opp, seier leiar for personmarknaden i Nordea Noreg, Randi Marjamaa.

Opp i Tønsberg
I mai vart det selt 10.340 bustader i Noreg, noko som er 7,5 prosent fleire enn i tilsvarande månad i 2020.

Hittil i år er det selt 43.895 bustader, 15,7 prosent fleire enn i same periode året før.

Det tok i gjennomsnitt 34 dagar å selje ein bustad i månaden som gjekk, ned frå 39 dagar i april.

Tønsberg med Færder hadde den sterkaste sesongkorrigerte prisutviklinga i mai med ein oppgang på 2,1 prosent.

Svakast var utviklinga i Kristiansand, der prisane fall med 0,9 prosent.

Kraftig vekst i Trondheim og på Austlandet
Blant dei større byane har særleg Trondheim hatt ei sterk prisutvikling i månaden som gjekk. Korrigert for sesongvariasjonar steig prisane med 0,9 prosent.

I Bergen var oppgangen på 0,7 prosent, medan prisane fall med 0,4 prosent i Stavanger.

I dei mindre byane på Austlandet steig prisane kraftig sist månad, mellom anna i Drammen, Hamar, Fredrikstad, Sarpsborg, Tønsberg, Porsgrunn og Skien.

Publisert: 03.06.2021 11:57

Sist oppdatert: 03.06.2021 12:05

Mer om