Fransk traalar endeleg overlevert
TRÅLAR: Skisse av den franske trålaren som no er overlevert frå Havyard-verftet i Leirvik til French Pelagiq.
Nytt

Fransk trålar endeleg overlevert

Dei franske eigarane har innfritt byggjelånet, og har overtatt ein trålar frå Havyard-verftet i Leirvik.

15.03.2020
Dette opplyser Havyard Group i fredag.
Den franske trålaren er kraftig forseinka frå verftet, og har ført til store kostnadsoverskridingar for Havyard.

80 meter

I desember i fjor opplyste Havyard at båten var overdratt til eigarane, og i dag vert det opplyst at den endelege leveringa av skipet er gjennomført mot innfriing av byggjelånet.
Trålaren er 80 meter lang og er eigd av det franske selskapet France Pélagique, som er ein del av det nederlandske fiskerikonsernet Cornelis Vrolijk.

Ber om meir tid

Heile skipsbygginsgverskemda i Havyard Group er truga, og inn til møte 25. mars for å få meir tid til å berge Leirvik-verftet.
På møtet skal obligasjonslångivarane konkret ta stilling til om ei betaling på 2,5 millionar kroner skal utsettast frå 13. mars til 13. juni i år, og om også andre vilkår knytt til lånet blir utsett til 13. juni.
Havyard Group søkte i februar offentlege gjeldsforhandlingar for datterselskapet Havyard Ship Technology - som mellom anna omfatter verftet i Leirvik i Sogn.
Som ein del av redningsplanen for skipsbyggingsverksemda skal seks skipbyggingkontakter flyttast over i eit nytt datterselskap, New Havyard Ship Technology.

Les også:


Analyse:


Publisert: 15.03.2020 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54