Franske bankar overtar Bourbon
FRANSK: Bourbon Surf, Bourbon Borgstein og resten av flåten til Bourbon Offshore Norway er overtatt av franske bankar.
Nytt

Franske bankar overtar Bourbon

Bourbon Offshore Norway og resten av Bourbon er tatt over av ei gruppe av franske bankar.

25.12.2019
Den franske offshoregiganten har hatt store økononomiske problem.
Bourbon har samla ein flåte med 483 skip, og opererer i 47 land.
Blant anna eig det Marseilles-baserte selskapet Herøy-lokaliserte Bourbon Offshore Norway, med .
Men måndag bestemte handelsretten i Marseilles at ei gruppe franske bankar vert nye eigarar av den franske offshoregiganten.

Amerikansk interesse

Ifølgje har selskapet Société Phocéenne de Participation (SPP), som er eigd av franske bankar som sit på totalt 75 prosent av den samla gjelda, fått tilslaget etter ein prosess der det har vore fleire bydarar.
Blant anna har amerikanske Tidewater vore interessert.
Tidewater eig frå før 220 fartøy etter at selskapet i fjor overtok også selskapet GulfMark.

Men ifølgje Offshoreenergytoday deltok ikkje Tidewater på den siste rettshøyringa.

Fire bod

Eit tredje bod kom frå selskapet JS & Co, som representerer Jacques de Chateauvieux, styreleiar og toppsjef i Bourbon, men dette bodet vart avslått av China's ICBC Financial Leasing, som støttar bodet frå gruppen av bankar.
Det fjerde bodet har kome frå det franske selskapet Peschaud.
Dei franske bankane vert no 100 prosent eigar av Bourbon Maritime, og vil avliste børsnoterte Bourbon Corporation.

Digitalisering

Dette medfører at dagens aksjonærar vil sitje att med null.
Gjennom gjeldskonvertering og tilførsle av ny kapital, lovar denne bankgruppa å halde fram arbeidet med den strategiske endringsplanen Bourbon in Motion, ein plan som starta for to år sidan.
Denne planen fokuserer på at digitalisering vil vere ein vesentleg del av drifta. Som følgje av planen har konsernet Bourbon Corporation vorte delt inn i tre frittståande selskap: Bourbon Marine & Logistics, Bourbon Subsea Services og Bourbon Mobility.

Publisert: 25.12.2019 12:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48