Libra plast einar pieroth innfelt
NY HOVUDAKSJONÆR: Mange friarar gjorde et Libra-Plast-eigarane sette i gang ein salsprosess i fjor. Innfelt dagleg leiar Einar Pieroth,m som var neste største aksjonær, etter Lillebø-familien.
Nytt

Friarar i kø utløyste sal

Libra-Plast eigarane sel aksjemajoriteten til børsnotert svensk selskap.

14.05.2021

- Vi fekk mange friarar på døra ein periode, seier marknadssjef og medeigar Kim Lillebø i Libra-Plast på Hareid om kva som utløyste at det børsnoterte svenske selskapet Lagercrantz Group no er blitt eigar av 75 prosent av Libra-Plast på Hareid.

Les melding frå Lagercrantz Group her

Pågangen av friarar gjorde at Libra-Plast-eigarane søkte råd hos Saga Securities for eit års tid sidan, og gjekk breitt ut for å finne kven som kunne vere beste kandidat å selje til. Advokatfirmaet Adviso i Ålesund har og vore rådgivar i samband med salet.

Kim Lillebø viser til konfidensialtetsavtale på spørsmål om pris og om partane også har ein avtale om den resterande aksjeposten på 25 prosent.

Leverer til alle
Libra-Plast har spesialisert seg på vasstette skipsdører og luker. Trass namnet er fleirtalet av dørene bygd i metall. Selskapet har 28 tilsette på Hareid og omlag 100 når dei tilsette i Latvia og Vietnam er rekna med.

I fjor var driftsinntektene 177 millionar kroner, ein auke frå 166 millionar kroner i 2019. Resultatet etter skatt blei 14,9 millionar, mot 17,3 millionar kroner i 2019.

75 prosent av inntektene kjem frå eksport, og Libra-Plast leverer luker og dører til alle typer båtar og skip, frå den minste fiskebåt til store cruise-. og transportskip.

Gode resultat
- Vi har hatt gode resultat i langt tid, seier Lillebø, som forklaring på interessa for å kjøpe selskapet.

Libra-Plast har hatt ein relativ jamn vekst, frå rundt 110 millionar kroner årleg i driftsinntekter i 2010-2012. Etter oljeprisfallet i 2014 fall inntektene litt i 2016, men i 2018 sette selskapet på nytt ny rekord i driftsinntekter.

Nøkkelen til å kunne vekse ligg i fleksibiliteten til å kunne levere til alle typer fartøy i alle typer marknadar, slik Lillebø ser det. Det gjer selskapet mindre sårbart mot svingingar i einskildmarknadar.

Fire aksjonærar
Før det svenske selskapet kom inn som majoritetseigarar hadde Libra-Plast fire aksjonærar, Libra Group (88,1 prosent), dagleg leiar Einar Pieroth (7,9 prosent), Armand Nystad og Per Grimstad (to prosent kvar). Også Nystad og Grimstad arbeider i selskapet.

Libra Group er eigd av Arne Lillebø og sønene Kim og Anders Lillebø.

Det var Vikebladet-Vestposten som skreiv om aksjekjøpet først.

Publisert: 14.05.2021 13:43

Sist oppdatert: 14.05.2021 14:23