Frikjent for krav paa 1 2 millionar
VANN I TINGRETTEN: Advokat Bjarte Aambø i Øverbø Gjørtz og Edgar Sandanger (t.h.) i retten under rettsaka mellom Sandanger og kunden som krev 1,2 millionar kroner i erstatning.
Nytt

Frikjent for krav på 1,2 millionar.

Edgar Sandanger vann i tingretten.

12.03.2020
Sunnmøre tingrett har frikjent Edgar Sandanger for erstatningskravet på 1,2 millionar kroner frå det israelske selskapet Eve Reshatot.
Eve Reshatot kravde erstatning frå Sandanger personleg etter at selskapet berre fekk halvparten av fisken det hadde bestilt og betalt frå salsselskapet Sunsea Seafood i mai 2017. Sandanger var styreleiar, dagleg leiar og medeigar i selskapet.

Sunsea Seafood gjekk konkurs i 2018, men Eve Reshatot meiner at den økonomiske stillinga til selskapet var slik at det burde blitt informert om risikoen for økonomisk tap, og at Sandanger ikkje har oppfylt sine plikter som styreleiar og dagleg leiar.

Ikkje ansvarleg

Eve Reshatot (EVE) si vurdering får ikkje medhald i dommen:
«Retten mener at det ikke er sannsynliggjort at Sandanger på avtaletidspunktet i mai 2017 hadde overtrådt sine plikter som styreleder og daglig leder i Seafood (Sunsea Seafood, red. merk) slik at det utløser ansvar overfor EVE. Retten kan heller ikke se at EVE, før de forskuddsbetalte leveransen, hadde krav på å få informasjon om eventuelle fremtidige leveringsproblemer hos Seafood. Retten mener at det i denne saken ikke forelå noen informasjonsplikt for mulige leveranseproblemer for Seafood i medhold av den ulovfestede lojalitetsplikten i kontraktsforhold.
Når retten er kommet til at ansvarsgrunnlag ikke foreligger, er det ikke nødvendig for retten å drøfte vilkåret om årsakssammenheng.»

To erstatningskrav

Rettsaka med Eve Reshatot er den andre rettsaka der Sandanger må forsvare seg mot krav retta mot han personleg etter konkursen i produksjonselskapet Sunsea og salsselskapet Sunsea Seafood.
Det andre kravet, på 4,4 millionar kroner, skal opp til ny handsaming i lagmannretten etter at Høgsterett i februar i år sette den første lagmannsrettdommen til side. Den dommen gav saksøkjaren, Norway Royal Salmon, medhald, men Høgsterett oppheva dommen på grunn av manglande drøfting av om Sandangers handlingar er årsaka til tapet.

Publisert: 12.03.2020 13:05

Sist oppdatert: 15.06.2021 10:25

Mer om