I eit ope brev til Stortinget (sjå Synspunkt), ber LO i Møre og Romsdal, NHO i Møre og Romsdal i Nordvest Forum om raske og målretta tiltak for å redde 90.000 arbeidsplassar i maritim næring.
Dei meiner at krisepakken som statsrådane Iselin Nybø og Linda Hofstad Helleland presenterte på Vard Langsten er altfor liten.
- Det utgjer berre kun litt over ei halv dags omsetninga i næringa, skriv Arnfinn Ingjerd, Espen Remme og Kari Hoset Ansnes.
Dei slår fast at regjeringa sitt forslag til krisepakke ikkje hjelper næringa for å kome gjennom koronakrisa, der største utfordringane kjem til hausten og neste år.
- No festar vi lit til at opposisjonen på Stortinget kjem oss til unnsetning, skriv Ingjerd, Remme og Hoset Ansnes.
Dei peikar spesielt på at det kan framskundast bygging av nye skip til Forsvaret, skip som Forsvaret uansett skal ha.
- Når ein no utover i 2020 og 2021 står foran ytterlegare omstilling mot det grøne skriftet, så treng aktørane likviditetsordningar som støttar opp under dette.
Dei meiner at krisepakken som statsrådane Iselin Nybø og Linda Hofstad Helleland presenterte på Vard Langsten er altfor liten.
Under halv dags omsetning
Pakken var på 684 millionar kroner over fire år.- Det utgjer berre kun litt over ei halv dags omsetninga i næringa, skriv Arnfinn Ingjerd, Espen Remme og Kari Hoset Ansnes.
Dei slår fast at regjeringa sitt forslag til krisepakke ikkje hjelper næringa for å kome gjennom koronakrisa, der største utfordringane kjem til hausten og neste år.
Frir til opposisjonen
Trioen etterlyser tiltak som gir aktivitet no, og skriv at dei neste par vekene vert avgjerande for den maritime industrien.- No festar vi lit til at opposisjonen på Stortinget kjem oss til unnsetning, skriv Ingjerd, Remme og Hoset Ansnes.
Dei peikar spesielt på at det kan framskundast bygging av nye skip til Forsvaret, skip som Forsvaret uansett skal ha.
Treng betre likviditet
I brevet vert det også vist til at verfta, reiarlaga og leverandørindustrien i den maritime næringa har sidan omstillinga etter oljekrisen i 2014 hatt til dels store tap som har tært på handlefridomen.- Når ein no utover i 2020 og 2021 står foran ytterlegare omstilling mot det grøne skriftet, så treng aktørane likviditetsordningar som støttar opp under dette.
Publisert: 08.06.2020 08:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58