Nytt
Frislid jaktar butikklokale i Bergen og Oslo
Rune Taklo i Frislid Konfeksjon vil blir meir synleg i Bergen og Oslo.
15.09.2020
Målet er å etablere butikk i Oslo i andre halvår i år, og vere på plass med eigen butikk i Bergen i 2019.
Grunnen til satsinga er mellom anna at selskapet på Nordfjordeid ikkje er nøgd med distribusjonen i dei to største byane. Potensialet er større enn Frislid får ut i dag, meiner Taklo. Butikketableringa er og eit middel til å marknadsføre Frislid sine dressar og andre plagg til eit større publikum.
Frislid Konfeksjon har arbeidd med butikkplanane ei stund, og håpte i fjor at selskapet kunne vere på plass med butikk i Bergen, Oslo eller Stavanger alt i løpet av 2017.
- I gamle dagar var det enkelt å bli kvitt overskotsvarer, seier Taklo. Då var det eit spørsmål om pris, så tok butikkane inn varene og selde dei med rabatt. I dag er det blitt mykje tyngre, og difor vil Frislid Konfeksjon sjølv etablere outlet-utsal.
Den tidlegare Devold-fabrikken i Langevåg er eit døme på eit slikt outlet-senter. I Oslo-området er det to slike senter i Vestby, sør-aust for Oslo, og det er også i ein av dei Taklo ser det som mest attraktivt å etablere seg.
Når outlet-butikkane kjem på plass er i stor grad avhengig av når det er plass i attraktive outlet-senter.
Rune Taklo understrekar at planen for når selskapet skal etablere seg er avhengig av at selskapet finn lokale som passar.
Frislid Konfeksjon dreiv butikk i Bergen fram til utgangen av 2015. Erfaringane frå den drifta var at lokalet var for stor og ikkje gunstig nok plassert.
Selskapet er eigd av det finske konfeksjonskonsernet Turo Tailor.
Grunnen til satsinga er mellom anna at selskapet på Nordfjordeid ikkje er nøgd med distribusjonen i dei to største byane. Potensialet er større enn Frislid får ut i dag, meiner Taklo. Butikketableringa er og eit middel til å marknadsføre Frislid sine dressar og andre plagg til eit større publikum.
Frislid Konfeksjon har arbeidd med butikkplanane ei stund, og håpte i fjor at selskapet kunne vere på plass med butikk i Bergen, Oslo eller Stavanger alt i løpet av 2017.
Ser etter outlet
Samstundes som Taklo leitar etter butikklokale er han og på utkikk etter stadar å etablere eigne outlet-utsal både i Oslo-området og i Bergen. Ein outlet-butikk er ein butikk der overskotvarer blir selde billegare.- I gamle dagar var det enkelt å bli kvitt overskotsvarer, seier Taklo. Då var det eit spørsmål om pris, så tok butikkane inn varene og selde dei med rabatt. I dag er det blitt mykje tyngre, og difor vil Frislid Konfeksjon sjølv etablere outlet-utsal.
Den tidlegare Devold-fabrikken i Langevåg er eit døme på eit slikt outlet-senter. I Oslo-området er det to slike senter i Vestby, sør-aust for Oslo, og det er også i ein av dei Taklo ser det som mest attraktivt å etablere seg.
Når outlet-butikkane kjem på plass er i stor grad avhengig av når det er plass i attraktive outlet-senter.
Må ha rette lokale
Sjølv om Frislid Konfeksjon har bestemt seg for å satse på eigne butikkar er selskapet heilt avhengig av å finne eigne butikklokale, som både gir ein god marknadsføringseffekt og nok handel til løsam drift.Rune Taklo understrekar at planen for når selskapet skal etablere seg er avhengig av at selskapet finn lokale som passar.
Frislid Konfeksjon dreiv butikk i Bergen fram til utgangen av 2015. Erfaringane frå den drifta var at lokalet var for stor og ikkje gunstig nok plassert.
Finsk konsern
Frislid Konfesjon har lager og distribusjonssentral på Nordfjordeid. Selskapet har og ein butikk på Nordfjordeid.Selskapet er eigd av det finske konfeksjonskonsernet Turo Tailor.
Publisert: 15.09.2020 17:19
Sist oppdatert: 22.02.2022 12:41